Hopp til innhold

Har sløkt brann i båtfabrikk

Politiet rosar personane som oppdaga fabrikkbrann. – Her kunne det gått veldig gale, seier politibetjent Eivind Bjørke.

Brann

BÅTFABRIKK: Det var ved Øien båt på Stårheim det tok til å brenne.

Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK

– Brannen er no sløkt, seier Frode Korneliussen, som er vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø.

Det var onsdag kveld at naudetatane rykte ut til Øien båt på Stårheim, etter at ein forbipasserande oppdaga flammar inne i båtfabrikken. Brannen førte til ein del røyk på staden.

– Det er alltid ein fare når ein sånn type fabrikk brenn. I båtfabrikkar har ein ofte mykje brennbart materiale, men brannmannskap fekk sløkt brannen raskt, seier Korneliussen.

Vaktleiaren fortel at det stod flammar ut vindauga på bygget, og at det var flammar langs veggen.

– Brannen var konsentrert til eit avgrensa område, så det hjelpte på i sløkking av brannen.

Politiet rosar dei som oppdaga brannen.

– Dei starta umiddelbart med sløkking. Det var med på å hindre at heile fabrikken tok fyr, og at store verdiar gjekk tapt, seier politibetjent Eivind Bjørke.

Inne i fabrikken blir det produsert båtar i plast. Politiet meiner brannen fort kunne blitt verre.

– Her kunne det gått veldig gale. Det er giftige ting som er inne på ein sånn stad, seier Bjørke.

Brann

HINDRA AT HEILE FABRIKKEN TOK FYR: Politiet rosar tilfeldig forbipasserande som oppdaga brannen på Stårheim.

Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK
Laster Twitter-innhold