Hopp til innhold

To personar har pusta inn røyk etter båtbrann i Florø

Naudetatane rykte ut til Hamnegata i Florø då ein båt byrja å brenne. Brannvesenet har fått kontroll på situasjonen. To personar har fått i seg røyk.

Båtbrann i Florø.
Foto: Terje Pettersen

Politiet fekk melding om brannen klokka 13.43. Ifølgje politiet var to personar om bord då brannen byrja. Det var kraftig røykutvikling på staden.

– To personar har fått i seg røyk. Blir tilsett av helsepersonell, opplyser politiet på Twitter.

Ved Alarmsentralen sa dei at sløkkinga gjekk uproblematisk. Dei opplyser at det ikkje har vore mykje flammar frå båten. Vitne på staden seier at sløkkinga gjekk kjapt.

Båten som stod i brann skal vere ein 32 fot stor plastbåt. Båten ligg til kai.