Hopp til innhold

Brann i arbeidsbåt utanfor Florø

Ingen blei skadde då det byrja å brenne i maskinrommet i ein båt utanfor Florø.

Brann i arbeidsbåt utanfor Florø

FÅR HJELP: Redningsskøyta Halfdan Grieg kom raskt til og får slept båten til land.

Foto: Redningsskøyta Halfdan Grieg

Båten ligg i Bufjorden, like sør for Florø. Mannskapet på fem fekk raskt kontroll på situasjonen, seier redningsleiar Andreas Bull ved Hovudredningssentralen.

– Vi fekk melding om at det brann i maskinrommet. Brannen løyste ut eit stasjonært sløkkeanlegg om bord, og mannskapet fekk då kontroll over situasjonen. Dei har no bede om hjelpt for å bli slept til Florø, seier han.

Båtbrann i Florø

INGEN SKADDE: Det var fem personar i båten.

Foto: Redningsskøyta Halfdan Grieg

Det er fem personar om bord i arbeidsbåten. Ingen av dei blei skadde og heller ikkje evakuerte.

– Ein brann om bord er alltid litt dramatisk, men det verka som dei fekk gjort alt rett og fekk ganske raskt kontroll på situasjonen. Då eg snakka med dei sist, var det ingen utvikling i brannen. Det verkar ikkje som det er noko varmgang, men maskinrommet er lukka inntil vidare og slokkeanlegget gjer jobben.

Redningsskøyta Halfdan Grieg har nettopp kome fram for å hjelpe båten til kai i Florø. Her vil brannvesenet hjelpe til.

– Brannmannskap vil sjekke skadane, om det er varmgang og om det må sløkkast meir.

Båten er truleg framme i Florø i 11-tida.

Brufjorden