Hopp til innhold

Bamba takkar koronasjukdomen for hattricket: – Eg åt godteri og dreit i fotball

Daouda Bamba skåra hattrick og meiner han hadde godt av å vera koronasjuk. Lars Arne Nilsen kom tilbake til Bergen og rykka ned.

4ptz7EwJ6Ic

FYR OG FLAMME: Daouda Bamba skåra hattrick mot Aalesund. Her feirar han med sitt andre med Kristoffer Barmen (t.v.).

Foto: Marit Hommedal / NTB

Laster innhold, vennligst vent..

Etter tjue minuttar gjekk Robert Taylor i bakken innanfor gjestane sin 16-meter. Kristoffer Barmen var ikkje langt unna å setja ballen i mål, men trefte venstre stolpe og i staden for nettmaskene.

Ti minutt før pause stod likevel akkurat den same stolpen på rett stad for bergensarane. Stong inn sette Daouda Bamba på ekte målsnikvis inn kampens fyrste mål.

Brann skulle likevel ikkje få halda lenge på leiinga. Gjestane drog eit angrep opp av hatten, og Vetle Fiskerstrand utlikna tre minutt etter.

Minuttet før pause snappa Bamba likevel ballen på Aalesund sin halvdel, og sneik ballen forbi keeperen til sunnmøringane igjen, slik at det stod 2-1 til pause.

Men Bamba var ikkje ferdig med innsatsen sin for Brann etter fyrste omgang.

Med ein halvtime att på klokka, var hattricket eit faktum. Den målhungrige ivorianaren sneik ballen elegant i krysset, via ein Aalesund-spelar.

RHbyKvy81h4

MÅLSNIK: Daouda Bamba spelte ein særs god kamp for Brann, og hadde godt samarbeid med Robert Taylor. Her er Bamba i duell med Ben Karamoko (t.v.).

Foto: Marit Hommedal / NTB

Takkar koronasjukdomen

Bamba meiner noko av suksessen hans på banen kan skuldast at han vart sjuk med korona tidlegare denne månaden.

– Eg trengte ein pause frå fotball, seier tremålsskåraren.

Det kunne han gjera då han var sjuk og måtte vera isolert.

– Eg åt godteri og dreit i fotball. Eg såg ikkje på fotball, og eg trente ikkje, seier Bamba.

– Eg pleier å vera proff, men no kunne eg drite i det, legg han til.

Brann sin plass nesten sikker

Med sigeren laurdag, har Brann nærast sikra plassen i Eliteserien også neste år. Med 31 poeng og fire kampar att å spela, ligg dei på 10. plass. Playoffplassen på 14. er det no Strømsgodset som ligg på. Dei har 24 poeng og seks kampar att.

Også trenar Kåre Ingebrigtsen trur karantenen laget måtte i tidlegare i november, var bra.

– Me hadde alle godt av den, og å få kopla av og omstilla oss, seier han.

Etter trenarbytet i august, har det ikkje vore sjølvsagt at Brann skulle få spela på toppnivå også til neste år. Då Nilsen gav stafettpinnen vidare til Ingebrigtsen i august, låg Brann på åttande plass.

Men sidan trenarbytet, har dei kome nærare og nærare nedrykksstriden.

Den siste veka har dei likevel teke seks poeng.

Eg er veldig nøgd med laget no. Spelarane byrjar å koma i form, seier Ingebrigtsen.

Også tysdag kunne Brann-fansen sigra over tre poeng. Då var det Ingebrigtsen og assistenttrenar Eirik Horneland sin gamle klubb, Rosenborg, som tapte for dei raude frå Bergen.

Rykker ned sjølv – glad Brann klarar seg

– Eg har berre gode minner frå tida i Bergen, og gler meg til å sjå alle på Stadion igjen, sa noverande Aalesund-trenar Lars Arne Nilsen til NRK fredag.

Om det vart skapt gode minner for Nilsen etter laurdagens kamp, er heller usikkert. Då var han for fyrste gong var tilbake på sidelinja på Stadion etter at han fekk sparken frå trenarjobben i Brann i august.

Sidan Aalesund tapte kampen, har dei nemleg offisielt rykka ned.

– Det var godt å vera tilbake. Eg klarar ikkje å gle meg over kampen, men eg gler meg over at Brann klarar seg. Dei vant fullt fortent, seier Nilsen etter kampen.

Gudmund Kongshavn

TUNG DAG PÅ JOBB: Ballen snik seg forbi Aalesund-keeper Gudmund Kongshavn. Han fekk gult kor for drøying, og vart bytta ut i pausen. Attpåtil rykker Aalesund offisielt ned.

Foto: Marit Hommedal / NTB