Hopp til innhold

Brann seier ja til kvinnefotball

Brann sa i kveld ja til å ha eige kvinnelag i fotball. Målet er å vere stabile på toppen i norsk kvinnefotball og å kome til kvartfinalen i Champions League.

Rungane ja til kvinnefotball i Brann.

JA TIL KVINNEFOTBALL: Med 42 mot to røyster sa årsmøtet i Sportsklubben Brann i dag ja til å starte kvinnelag.

Foto: Andrea A Krüger / NRK

Årsmøtet i Sportsklubben Brann vedtok i dag med 42 mot to røyster å starte med kvinnefotball og å innlemme dagens Sandviken Fotball i Brann. Dersom også Sandviken seier ja til dette, får Brann eit norsk topplag i kvinnefotball. Sandviken leiar toppserien to serierundar før slutt og det meste tyder på at laget blir seriemeister.

– Dette er ein historisk dag for Brann og det er ei stor glede å sjå det overveldande fleirtalet i saka, seier Siv Skard som er nestleiar i styret Brann. Det å innlemme kvinnefotball er det heilt rette steget å ta for ein moderne storklubb som Brann, meiner ho.

Skard trur Brann kan bidra til å løfte og profesjonalisere kvinnefotballen i Bergen.

Fornøgd trenar

– Det er heilt avgjerande for oss å ha større ressursar dersom vi skal nå målsetjinga om å vere stabilt i toppen av norsk fotball. Å samle satsinga i Brann er vegen å gå, seier Alexander Straus. Han er i dag hovudtrenar i Sandviken Fotball og meiner eit anna mål må vere å nå kvartfinalen i Champions League.

Straus viser til at for bergensarane er Brann eit veldig sterkt merkenamn.

– Brann ein institusjon på same måte som Bryggen, Fisketorget og Fløyen. Det vil bety mykje for oss og for generasjon av fotballjenter frå Bergen, seier han.

Sandviken-feiring

INN I BRANN: Kvinnene i Sandviken som per dato leiar Toppserien i fotball kan neste år spele i Brann-drakt. Dette dersom også Sandviken seier ja på sitt ekstraordinære årsmøte i byrjinga av november.

Foto: Marit Hommedal / Marit Hommedal

Fornøgd styreleiar

Også styreleiar i Sandviken Fotball, Pål Hansen, er fornøgd.

– Vi gler oss til å bli ein del av Bergens stoltheit, seier han.

Han peikar på at kvinnefotballen er i sterk vekst og at konkurransen hardnar til. Dette gjer at Sandviken må inn i noko større, meiner Hansen.

– Brann vil tilføre oss det vi treng for å vere Noregs beste lag over tid. Spelarane drøymer om å vinne noko og spele i Champions League. Dette kan vi få til i Brann, seier han.

Sandviken har i dag eit budsjett på 12 millionar kroner. Hansen meiner det ligg til rette for at kvinnesatsinga i Brann bør ha budsjett på over 20 millionar.

Både Sandviken Toppfotball og Sandviken IL skal i byrjinga av november ha ekstraordinære årsmøte om dei skal bli ein del av Sportsklubben Brann.