Hopp til innhold

Bråkande bitcoinselskap fryktar dei må stenga

Naboar har vunne ein ny siger mot datasenter, ved at kommunen meiner støyen er ulovleg. – Motstanden og umoglege støykrav skremmer vekk internasjonale storkundar, ifølge selskapet.

Evy Kvamme og Asfrid Brunborg Benevoli er blant de nærmeste naboene til datasenteret på Dale

NY SIGER: Evy Kvamme (t.v.) og Asfrid Brunborg Benevoli er blant dei næraste naboane til datasenteret på Dale, som helsestyremaktene slår fast støyar for mykje (arkivfoto).

Foto: Siri Løken / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I lokala til selskapet Kryptovault på Dale i Hordaland er det over 50 varmegrader.

Men det som plagar naboane, er støyen. Den kraftige summinga frå viftene i alle dei kraftige datamaskinane.

Kryptovault starta bitcoin-utvinning i dei gamle fabrikklokala i byrjinga av 2018.

Naboane reagerte straks på det konstante bråket. Inne i produksjonslokala må ein ha på høyrselsvern. Utanfor går støyen folk på nervane.

– Ulovleg bråk

Lokale helsestyremakter har no for andre gong slått fast at støynivået er ulovleg høgt.

Dei krev at det må ned i 35 desibel (dB) om nettene, og 45 dB på dagtid.

Som følge av kritikken har Kryptovault brukt over to millionar kroner på støyreduserande tiltak på Dale.

Likevel er støyen framleis over det lovlege på uteplassane til fleire av naboane, ifølge kommunen. No går saka vidare til fylkesmannen.

Bitcoin-produksjon

STØYENS KJERNE: Kraftige datamaskiner med kraftige, støyande vifter på rekke og rad i lokala til Kryptovault på Dale i Vaksdal kommune.

Foto: NRK

– Me er veldig skuffa og overraska og vil klaga på pålegget om 35 desibel.

Det seier samfunns- og mediekontakt Gjermund Hagesæter i Kryptovault.

– Må stenga

Han meiner pålegget i Vaksdal kan bety at verksemda må stenga ned.

– 35 dB er frykteleg lågt. Me klarer ikkje å komma under det, og då kan me ikkje driva vidare.

Selskapet har også andre datasenter, både på Follum ved Hønefoss og i Glomfjord i Nordland. Det er også planar om oppstart av eit senter i Sauda i Rogaland.

Hagesæter er redd konklusjonen i Vaksdal vil skapa presedens for kva andre kommunar bestemmer seg for.

– Me har mange like problemstillingar som på Dale, så me følgjer med på situasjonen der, seier kommuneoverlege Karin Møller i Ringerike.

Ho seier fleire selskap vurderer å starta med liknande verksemd i kommunen.

– Derfor er det viktig å avklara kva reglar som skal gjelda, seier Møller.

Kundeflukt

Hagesæter fryktar at store asiatiske selskap på kundelista vil droppa Noreg og heller kjøpa datakraft i andre land. Han hevdar kundar no vurderer til dømes å legga datasenter til Canada i staden.

– Hugs at ein kan sitja i Tokyo og bruka Google Translate for å sjå kva NRK eller Vaksdalsposten skriv om motstanden. Me hadde rett og slett ikkje trudd at me skulle få så stor motstand.

Gjermund Hagesæter

KAN GÅ DUKKEN: Mediekontakt Gjermund Hagesæter meiner krav om 35 desibel om natta kan tvinga Kryptovault til å leggja ned drifta på Dale.

Foto: Siri Løken

450 underskrifter

Evy Kvamme og Frode Sigurdson bur begge ved fabrikken.

– Me opplever støyen som slitande, forstyrrande og stressande. Det er ein jamn frekvens heile tida, så lyden er veldig unaturleg og sjenerande.

Dei har samla inn 450 underskrifter mot verksemda.

– Eg personleg har vore dårleg, stressa og ukonsentrert, og måtte få sovemedisin, seier Kvamme.

Ho avviser at dei er hysteriske naboar.

– Me kan ikkje leva oppi dette bråket, og får heller ikkje selt husa våre.