Hopp til innhold

Bråk og hærverk på Esso-stasjon

Politiet rykte tysdag kveld ut for å ta hand om ein mann som var trugande og gjorde hærverk på Esso-stasjonen på Skei i Jølster.

Esso på Skei

BRÅK: Ein krangel ved bensinstasjonen gjorde til at politiet reiste til staden. Arkivfoto

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det stadfestar operasjonsleiar hjå politiet, Stig Inge Hauge.

– Vi har fått rapportert at det var ein krangel mellom to personar på Skei Servicesenter, som kan ha oppstått som følgje av at dei ikkje nådde ein buss, seier han.

Ein anonym tipsar fortel til NRK at det skal ha vore svært dramatisk på bensinstasjonen i går kveld. Tipsaren skriv at ein mann var sint, trugande og utførte hærverk på stasjonen.

Politiet fekk tipset rundt klokka 19 tysdag kveld, og rykte ut til staden. Då dei kom fram var kranglefantane vekke.

– Etter det vi fekk rapportert var det mogleg skade på ei dør. Det vart ikkje meldt til politiet frå Servicesenteret si side. Vi veit identiteten til begge to, men det ser på noverande tidspunkt ikkje ut som vi gjer meir med saka, seier Hauge.

Lensmann i Jølster, Knut Skurtveit, sit med same informasjonen som operasjonsleiaren, men har ikkje fått signal på at det var vald inne i bilete i går kveld.

– Det var uro og bråk borte på Esso-en. Vi veit at eigaren vurderer å melde, for det vart oppdaga skadeverk på ei dør og ein vask etter politiet drog frå staden, seier lensmannen.

Eigar og dagleg leiar ved Skei Servicesenter, Ola Fugle, seier han melde saka til politiet onsdag ettermiddag.

Ein sykkel var skada, i tillegg til ei dør og ein vask på stasjonen. Det var tryggleiken til dei tilsette og kundane som gjorde at politiet vart varsla, seier han.

Fugle er sjølv på reise akkurat no.

– Eg skal sjå nærmare på overvakingskamera når eg kjem heim.