– Vi blir ikkje sunnmøringar, vi blir ein del av Sunnmøre. Der er ein viktig forskjell. I folkesjela vil vi framleis vere honndøler, seier Bottolf Grodås, som har budd i Hornindal heile livet.
No er det ingen veg tilbake. Denne veka fekk honndølane ny ordførar – i Volda på andre sida av fylkesgrensa. Mange er usikre og spente på korleis det blir, men éin ting er dei klare på: dei blir aldri sunnmøringar.
Tilhøyre til distrikta står sterkt i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, kanskje enda sterkare enn til fylka. Lars Gausemel synest først og fremst det blir rart å flytte til andre sida av grensa.
– Vi er trass alt nordfjordingar, så eg heller mot at vi burde vore samla der, med Eid og Stryn, seier Gausemel.
Sakna folkeavstemming
Skifte av fylke vart avgjort utan folkeavstemming. Mange i Hornindal meiner dei har blitt frårøvd moglegheita til å bestemme sitt eige tilhøyre.
– Eg veit ikkje korleis resultatet hadde blitt om vi hadde fått stemme, men då hadde vi i alle fall visst kva det blei. Det fekk vi ikkje sjansen til no, seier Gausemel.
Bygda er delt. Nokre skulle gjerne ha blitt ein del av Stryn eller Eid, medan andre er glade det vart Volda. Mange skulle aller helst fått bli Hornindal.
– Eg har aldri vore for kommunesamanslåing. Eg synest at Hornindal har klart seg bra i alle dei år, og kunne fått fortsette å styrt sin eigen vesle kommune, seier Tina Årskog, som nettopp har flytta tilbake etter fleire år utanbygds.
VIL BLI I HORNINDAL: Tina Årskog har sunnmørsblod. Likevel vil Hornindal alltid vere Nordfjord for ho.
Foto: Vilde Gjerde Lied / NRKFå fylkesbyter tidlegare
Det er berre 14 kommunar som har skifta fylke sidan vi byrja med den regionale inndelinga vi har i dag. I den siste kommunereforma vil seks kommunar følgje etter og skiljast frå sine opphavlege fylke.
Jens Kihl, kommentator i Bergens Tidende, trur folk kjenner meir på kommunesamanslåingane enn fylkesbyta, fordi vi identifiserer oss meir med ein kommune eller ein stad, enn eit fylke. Han legg likevel ikkje skjul på at fylkesbytet også kan by på utfordringar.
– Der Sogn og Fjordane tradisjonelt har hatt ein strategi der ein har prøvd å balansere mellom fleire bygder, har Møre og Romsdal satsa på dei tre store byane som motorar. Det blir spennande å sjå korleis Hornindal som har vore ein utkant i utkanten skal klare seg i det kappløpet, seier Kihl.
Ønsker velkommen
Sølvi Dimmen (Sp) blir første ordførar i nye Volda kommune. Ho ser fram til at dei to kommunane skal bli til ei.
– Ein nordfjording blir ikkje sunnmøring berre fordi det blir gjort nokre vedtak i kommunestyret, seier Dimmen.
Ho understrekar at det er viktig å ha respekt og forståing for at det vil ta tid for honndølane å føle seg knytta til den nye kommunen og det nye fylket.
SKIFTAR FYLKE: Frå 1. januar 2020 vil Hornindal bli ein del av Møre og Romsdal.
Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK