Hopp til innhold

Barn frakta til sjukehus etter trafikkulukke

Eit barn er frakta med luftambulanse til Haukeland eller Førde sentralsjukehus etter ei trafikkulukke på fylkesveg 55 ved Ese mellom Balestrand og Dragsvik. Det skal ha vore fire personar involvert, der tre av dei er born. Ingen skal ha vore fastklemt og alle blei tilsett av helse på staden, før det eine barnet blei sendt med luftambulanse. Skadeomfanget er ukjend. Det skal vere store materielle skader på bilen. Det er manuell dirigering i eit felt medan ein ventar på bilbergar.