Borge fekk kongepokalen

Sigrid Borge kasta 60,70 meter då ho tok NM-gullet i spyd på Byrkjelo. Det haldt òg til Osterøy-jenta sin aller første kongepokal. – Dette kjennest heilt uverkeleg. Det er nesten så eg skjelver litt. Eg kunne nesten ikkje ha førestilt meg å klara dette, sa spydprofilen til NTB sundag. Borge deltok i sitt første senior-NM nettopp på Byrkjelo i 2011. Før årets meisterskap hadde ho kongepokalen i sikte.

Sigrid Borge NM på Byrkjelo 2018
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix