Hopp til innhold

Bør redusere vassmagasina for å unngå storflaum

Med stor fare for vårflaum ber NVE no kraftprodusentane om å redusere vasstanden i vassmagasina.

Sognekraft

SOGNEKRAFT: Kraftprodusenten har allereie gjort det dei kan av tiltak for å redusere vasstanden i sine magasin.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi har jo lenge før NVE kom med sitt varsel vore kjent med situasjonen og allereie gjort det vi kan, seier Terje Nævdal, administrerande direktør i Sognekraft.

Framleis er det mykje snø i fjellet, og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner det er stor fare for vårflaum.

Tappa ned

Terje Bakke Nævdal

LÅGAST MOGLEG: Terje Nævdal i Sognekraft seier dei har gjort sitt for å halde vasstanden i magasina lågast mogleg.

Foto: Bjørn Bergum

– Vi har tappa ned så mykje som vi kan ut ifrå dei naturgitte forholda. Så vasstanden er så langt nede som vi har moglegheit til, og så mykje vatn som vi klarar å få ut av vasstrengen får vi ut løpande, seier Nævdal.

I dei vestlege fjellområda i Sør-Noreg har ikkje snøsmeltinga kome ordentleg i gang, og det er uvanleg mykje snø samanlikna med kva som er normalt på denne tida av året i desse områda.

Vande med mykje snø

Nævdal seier dei er vande med snøsmelting og mykje snø om våren.

– Så dette er ein del av våre praksis at vi får mest mogleg vatn ut og har magasina lågast mogleg på våren før smeltinga kjem, seier han.

– Kva betyr dette økonomisk for dykk?

– Dette er ein del av det bilete som er. Det er ingen andre løysingar. Så det har vi allereie rekna med, seier Nævdal.

Sognekraft kjem ikkje til å gjere noko meir enn det dei allereie har gjort, seier han.

– Ut ifrå den risikoen som eksisterer så har vi tatt dei omsyn vi kan. Vi er vande med mykje snø. Den kjem att kvart år, så dette er ein del av våre rutinar, fortel Nævdal.

Gjort det dei kan

Også Sogn og Fjordane Energi har teke forholdsreglar. Det fortel informasjonssjef Kai Petter Sårheim.

– Vi har gjennom heile vinteren, heilt sidan desember, køyrt meir produksjon enn vanleg med utgangspunkt i at vasstaden i magasina og snøsituasjonen i fjella har vore meir omfattande enn normalt, seier han.

Sårheim meiner dei har gjort det dei kan for å halde vasstanden i magasina så låg som mogleg.

– Så vi held fram med det vi allereie har gjort, seier han.