– Dialekt er det ordet flest nordmenn forbind med folk frå Sogn og Fjordane, sa Harald Eia, programleiar for underhaldningsprogrammet «Brille».
I tillegg kjem ord som trauste, arbeidssame og gjerrige.
– Vi tenkte det kunne vere gøy å finne ut ting om fylke, og då vi kom til Sogn og Fjordane var spørsmålet kva tre ord som beskriv folk frå Sogn og Fjordane, seier Nils Brenna, analysesjef for Funkenhauser, som produserer programmet «Brille».
Han fortel at dei gjekk grundig til verks for å finne denne informasjonen. Det er meiningsmålingsbyrået Norstat som har testa dette på eit representativt utval av Norges befolkning. Det er det same byrået, metodane og tal på spurde som Dagsrevyen brukar til sine meiningsmålingar, fortel Brenna.
(Artikkelen held fram under biletet)
BRILLE: Harald Eia er programleiar for Brille på NRK.
Foto: Varfjell, Fredrik / Scanpix– Ikkje gjerrige
NRK.no har vore ute på gata i Førde og spurt folk frå Sogn og Fjordane om kva dei tenkjer om seg sjølve. Jordnære, rolige, nøktern, og tradisjonsrike er ord folk brukar for å beskrive seg sjølve og andre frå fylket.
Dei skjønnar godt at folk elles tenkjer på dei som trauste og bondske, men er overraska over å bli kalla gjerrige.
– Det synest eg ikkje stemmer i det heile tatt, seier ei i Førde til NRK.no.
Folk i Sogn og Fjordane meiner sjølve dei er gåvmilde, noko som syner igjen i ulike gjevarinnsamlingar som blant anna TV-aksjonen. Her toppar Sogn og Fjordane listene over kven som gjev mest. Brenna trur difor det er eit anna ord folk heller siktar til.
– Eg har tenkt litt på dette, og eg tenkjer gjerrig er litt i slekt med ord som sparsam og bokmålsordet nøysommelig. Folk har gjerne tenkt på det å ikkje bruke pengar, og så vel dei å bruke ordet gjerrig, sjølv om det kanskje er nøysam eller sparsam dei meiner, seier Brenna.
Folk frå Sogn og Fjordane er og flinkast i landet til å betale for seg. Det verkar som sogn- og fjordingane godtek ord som traust, bondsk, og dialekt, men synest gjerne gjerrige er litt urettferdig.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Gråstein med glimt
I tillegg til å spørje kva folk rundt om i landet tenkjer om Sogn og Fjordane har «Brille» og sett på kva nabofylka tenkjer om folk frå Sogn og Fjordane, og kva folk frå fylket tenkjer om seg sjølve.
I Hordaland og Møre og Romsdal er det dei same orda som går att når dei skal beskrive naboane sine i Sogn og Fjordane, altså trauste, arbeidsame, bondske og gjerrige.
Då vi spurde Brenna om kva inntrykk han har av folk frå Sogn og Fjordane, fekk vi dette svaret:
– Ein eller anna stad i spennet mellom solid, uhysterisk, og underfundig. Gråstein med eit lite glimt, svarar Brenna.
(Artikkelen held fram under biletet)
BRENNA: Nils Brenna (i midten) er analysesjef for Funkenhauser, som produserer programmet Brille.
Foto: NRKLikar best si eiga dialekt
Brenna fortel at programmet og spurde kva fylke som har den finaste dialekten. Her viste det seg at folk ofte stemte på seg sjølve, og det vart difor mange stemmer på Oslo og Hordaland.
– Om ein sjekkar delen i kvart fylket som synest sjølve at dei har den finaste dialekten så vinn Sogn og Fjordane, seier Brenna.
Folk i Sogn og Fjordane er altså best i landet på å like si eiga dialekt.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: