Hopp til innhold

Bønder roper varsku: – Mykje stygge forbikøyringar

Sommaren er ei travel tid for bønder og dei er ofte ute og køyrer langs vegen. No oppmodar bondelagsleiar Anders Felde bilistar om å respektere traktorane.

Anders Felde på veg ut av traktoren

– Det er så klart trasig dersom det skjer ulukker og folk vert skadd. Men det er også veldig trasig for bønder som vert uforvarande involvert i ulukker, seier Anders Felde som er bondelagsleiar i Sogn og Fjordane bondelag.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Veldig ofte opplever vi nesten-ulukker, seier Felde.

Han seier at det oppstår fleire farlege situasjonar på somrane. Folk har dårleg tid og vil fort forbi traktorane som ofte køyrer i 40 og 50 kilometer i timen.

Seinast tysdag ettermiddag skjedde det ei ulukke på E39 i Jølster i samband med forbikøyring av ein traktor. Ein personbil kolliderte med ein lastebil, men ingen vart alvorleg skadd.

Politiet etterforskar saka, og det er ikkje kjent kva som forårsaka ulukka. Det vert oppretta sak i morgon.

– Må smørje seg med tolmod

Audun Heggestad i Trygg Trafikk seier at det er ikkje registrert at forbikøyring av traktorar er årsak til mange ulukker langs vegane. Heggestad seier likevel at det ofte oppstår farlege situasjonar.

– Traktorane er store og køyrer i tillegg sakte. Folk vil gjerne fort forbi og dette skjer gjerne på stader der det er dårleg sikt.

Audun Heggestad

KØYR FORSVARLEG: – Alle skal køyre på ein mest mogleg trygg måte, seier seniorrådgjevar i Trygg Trafikk Audun Heggestad.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Han seier at bilistar må smørje seg med tolmod. Vent til ein har god sikt eller til traktorane har fått køyrt ut av vegbana.

Fleire, der i blant politiet, har gått ut og åtvara om at det kan bli ein ulukkessommar langs vegane. Heggestad håper at folk vil syne stor aktsemd når dei er ute og køyrer.

Han opplyser også om at det har vore ei auke i talet på ulukker blant motorsyklistar. Berre sidan 2011 har talet på ulukker gått opp med 50 prosent.

– Det er veldig urovekkande. Så motorsyklistar må syne veldig stor aktsemd.

– Ikkje kjekt for bonden

Anders Felde seier det er viktig at bilistar respekterer traktorane og legg til at bønder har blitt flinkare til å sleppe trafikk forbi.

– Det er så klart trasig dersom det skjer ulukker og folk vert skadd. Men det er også veldig trasig for bønder som vert uforvarande involvert i ulukker.

Han seier det er ubehageleg for bønder å oppleve stygge forbikøyringar og oppmodar folk til å ta det roleg.

– Vi har ingen å miste.