Hopp til innhold

Bønder jublar for ny plast-returordning

Forskarar fann plast frå landbruket i nesten alle elvane dei undersøkte. No vil Felleskjøpet henta plasten gratis rundt omkring på gardane.

Kåre Teigland framfor den pressa plasten sin

250 RUNDBALLAR: Plasten frå 250 rundballar får plass på éin palle. Vanlegvis lagra tørt, men teke fram i lyset til ære for fotografen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er tid for fôring på garden til Kåre Teigland i Hyen i Nordfjord, som kona og han driv. Den kvite rundballeplasten, som han før ville berre lagt til side, hiv han no inn i ei plastpresse inne i fjøsen.

– Før hadde eg plast heilt opp til taket her inne, seier han, og peikar på ein romsleg del av fjøsen. Etter han fekk pressa, står all plasten lagra på éin palle, klar til henting.

Kåre Teigland syner fram rommet der plasten var før

FYLTE ROMMET: Før fylte plasten dette rommet frå golv til tak på garden til Kåre Teigland og kona.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Får levera plasten gratis

I 2019 vart det omsett nesten 13.500 tonn landbruksplast i Noreg. Hausten same året fann forskarar plast i nesten alle elvane dei undersøkte på Vestlandet. Mesteparten var landbruksplast.

I forslag til nytt avfallsforskrift tek Miljødirektoratet til orde for at norske bønder må levere inn all landbruksplast til gjenvinning.

I dag er det ikkje noko slikt krav. I staden kan bøndene levera plasten til miljøstasjonar som har ei avtale med Grønt Punkt. Når bøndene kjøper landbruksplast, så blir det lagt på ein sum som skal dekke gratis levering av plasten til renovatør.

Men for mange bønder det veldig langt til næraste returstasjon. Milevis med traktor og hengar er både tidskrevjande og dyrt.

No vil Felleskjøpet utvide eit prøveprosjekt til heile landet. Prosjektet handlar om at lastebilar som leverer gjødsel og andre varer til gardane, tek med seg plast tilbake.

NORCE-forsker Elisabeth Stöger kartlegger plast i Omvikedalselven i Hardanger. Her fant dei stedvis mykje rundballfolie

PLAST I NESTEN ALLE: Forskarar har undersøkt 200 kilometer elvebotn i 43 elvar på Vestlandet. Dei fann plast i nesten alle.

Foto: Gaute Velle / NORCE

Må reinska og pressa plasten

– Bøndene får ein god måte å lagra plasten på og mindre potensial for forsøpling. Og me kan i år selja landbruksplast tilbake til bøndene der det er brukt 30 prosent resirkulert plast, seier André Monsrud i Felleskjøpet.

Han seier dei håpar å samla inn 2000 tonn plast frå rundballar i dette prosjektet.

– Me ser at berekraft går hand i hand med å jobba smartare. Med å gjera ting litt annleis, så får me meir ut av ressursane våre.

Kravet til bøndene for at dei skal få senda plasten frå seg med lastebilane, er at dei pressar den saman på førehand, samt reinskar den. Dermed må dei investera i ei presse som fort kostar over 30.000 kroner.

Men det er ho verdt, meiner Teigland i Hyen, som kjøpte pressa før Felleskjøpet utvida prosjektet.

– Det er mykje lettare å lagra no, enn då det låg laust. Det er ein meir effektiv kvardag.

Plastforureining

NY FORSKRIFT: I forslag til nytt avfallsforskrift tek Miljødirektoratet til orde for at norske bønder må levere inn all landbruksplast til gjenvinning. I dag er det ikkje noko slikt krav.

Foto: Dag Petter Hollekim

– Vinn-vinn for bonden og miljøet

Anders Felde er leiar i Vestland bondelag. I fellesfjøsen hans går det med mellom 1600 og 1700 rundballar i året.

– Me får mindre lokal miljøforureining, mindre volum som betyr mindre transport og det løyser noko som har vore vanskeleg for bonden. Me slepp å lagra plasten ute, der den fort kan blåsa utover. Det vil me ha slutt på. Det er vinn-vinn for alle partar, seier Felde.

Landbruksplast i elv, fisk og plast

AURE: Ein gyteklar sjøaure i Aurlandselva svømmer mellom rundballfolie.

Foto: U. Pulg / Norce