Hopp til innhold

Bønder fryktar halv slått på grunn av vêret

Den seine våren skaper problem for bøndene i fylket. Mykje ekstraarbeid og økonomiske tap er nokre av konsekvensane.

Grasmangel uroar bøndene

SEIN VÅR: Bøndene Olav Svoen, Odd Vonen og Jan Herstad ser med uro på grasmangelen.

Foto: Bård Siem / NRK

På Svoa i Naustedalen ser bonde Olav Svoen at våren let vente på seg på garden 330 meter over havet. Snøen ligg enno tjukk på beitemarkene i fjellet, og gjødsling har han enno ikkje kunne setje i gang med.

– I år er det heilt ekstremt dårleg. Eg har aldri opplevd ein så sein vår som vi har hatt i år. Det er heilt håplaust å komme ut på markene med tunge reiskap, seier han.

Kan bli berre ein slått

I fjor byrja han å slå graset den 16. juni. I år trur han det blir ein månad seinare. Den seine våren står i sterk kontrast til fjoråret.

– Då var det kjempeforhold, og eg fekk sauene på heimebeite tidleg i mai. I år sleppte eg dei ut første juni, og eg må tilleggsfôre dei for at dei skal klare seg, seier Svoen.

Låg temperaturar i juni

KALDT: Sjølv om kalenderen viser juni, nektar gradestokken til Olav Svoen å innsjå at sommaren er komen.

Foto: Bård Siem / NRK

For han vart problema forsterka av at dei første lamma kom til verda midt i april, tidlegare enn vanleg.

– Det vart sju veker innefôring, med dei problema det medfører, seier han.

Mykje ekstraarbeid

Odd Vonen bur lengre nede i dalen. Men heller ikkje der er tilhøva optimale. Alt er nedbeita, dyra et opp graset dei eigentleg skulle leve godt på til vinteren som kjem.

– For meg som har sauer, så er det vanskeleg. Eg kan aldri hugse noko slikt, og eg har vore bonde i 27 år. Om eg får slå meir enn ein gong, det er heilt i det blå.

Han har seks hundre sauer. Sjølv om han har fått dei fleste ut på beite, er det mykje ekstraarbeid.

– Det er flytting av gjerde og improvisering av beite heile dagane, seier han.

Trist syn

TRIST SYN: På heimebeitet et sauene opp graset dei eigentleg skal leve på til vinteren.

Foto: Bård Siem / NRK

Kan tape store summar

Når han får sauene til fjells er eit anna spørsmål. Vanlegvis skulle det skjedd no i desse dagar.

– I år kan det gå mot jonsok før vi får dei til fjells. Det er frustrerande, men vi får berre ta ein dag om gongen, seier Vonen, som fryktar dei kan tape pengar om sauene blir gåande for lenge på heimebeite.

I tillegg skaper årets landbruksoppgjer uvisse om bøndene vil få erstatning for dårlege avlingar. Bonde Jan Herstad driv med storfe og fryktar konsekvensane dersom avlingsskadeerstatninga forsvinn.

– Det er ganske alvorleg, fordi det er ganske vanleg at vi har overvintringsskadar på enga. Med det dårlege vêret vi har i år, vil dei som då får reduserte avlingar lide eit økonomisk tap, seier han.