Hopp til innhold

Bøndene må tømme ut mjølka

Bøndene i fylket må tappe ut all mjølka i møkkakjellaren.

Det er ein av konsekvensane etter at det er streik ved Tine Meierier Vest sine anlegg i Vik og Byrkjelo.

Det betyr at alle bøndene i fylket blir råka av streiken, sjølv om det i utgangspunktet berre er osteproduksjonen som blir råka.

1500 bønder ramma

708 meieritilsette ved fleire meieri i landet har gått ut i streik. Mjølk, juice og andre ferskvarer vert leverte til butikkane som før, men produksjonen av ost vert stoppa.

Mjølka til 1500 bønder i fylket blir ikkje henta under streiken, seier Odd Fauske ved Tine Meierier Vest.

- Mjølka vil ikkje bli henta. Bøndene har fått eit brev med informasjon om korleis dei skal forhalde seg. Viss mjølka ikkje blir henta innan den normale tida, så må dei tømme tanken og gjere den rein før neste fylling, seier han.

Mjølk frå Bergen og Ålesund

Fauske seier at mjølka anten må lagrast for å bruke til oppforing, eller så må den tømmast i møkkakjellaren.

Anlegget på Byrkjelo er eit kombinasjonsanlegg, og difor tek dei også i mot konsummjølk. Difor har anlegget har fått dispensasjon til å få mjølk frå Bergen og Ålesund for å tappe mjølk.