Hopp til innhold

Bonden meiner det vil ta tre år å rydde opp i eigne synder

SOGNDAL (NRK): Miljørådgjevaren i kommunen meinte det var ei politisak, men ingenting vart gjort. No vil Miljødirektoratet skjerpe forskrifta for landbruksplast.

Plastforureining

TEK LANG TID Å RYDDE: Gardbrukaren meiner det vil ta tre år å rydde vekk all plasten frå jorda. Eit beiteområde på 60 dekar, der det kvar haust beiter over 100 storfe, ligg det store mengder med plast.

Foto: Dag Petter Hollekim

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Saka burde vore meldt til politiet, seier tidlegare miljørådgjevar i Sogndal, Dag Petter Hollekim.

Han bur ikkje lenger i kommunen, men i fjor vår var han med då ei gruppe drog på synfaring til eit gardsbruk i Sogndal. Han var både førebudd og ikkje førebudd på det som møtte han.

«Somme stader har vegetasjon vakse over plasten» og dyr og fuglar kan bli påført «stor skade», sto det i rapporten som vart skrive i etterkant.

Det var ikkje fyrste gongen at kommunen vart varsla om forholda på eigedomen.

Også under synfaringar i 2009 og 2017 vart det dokumentert store mengder med plast på den same beitemarka.

NORCE-forsker Elisabeth Stöger kartlegger plast i Omvikedalselven i Hardanger. Her fant dei stedvis mykje rundballfolie

ALVORLEG: Det er tre gonger så mykje plast frå landbruket som alle andre kjelder til saman i norske elvar, viser forsking frå Norwegian research center. Her ser vi forskar Elisabeth Stöger i ei elv på Vestlandet.

Foto: Gaute Velle / NORCE

– Plastforureininga verkar ekstrem

– Denne plastforureininga verkar å vere ekstrem, seier Gaute Velle.

Han er prosjektleiar i Norwegian research center (Norce) og har forska på plastforureining i Noreg.

– Plast har vorte eit stort miljøproblem, seier han.

Kvart år blir rundt 13.500 tonn landbruksplast brukt av norske bønder. 14 prosent av denne blir aldri resirkulert.

Forsøpling Fimreite

DYR KAN SKADE SEG: Det er ikkje berre landbruksplast som kan vere skadeleg for beitedyra. Dei står også i fare for å trakke på gammalt metallskrot.

Foto: Dag Petter Hollekim

Kommunen og statsforvaltaren usamde om fakta

– Dette er ei grov forureiningssak og det er ikkje tvil om at plastavfallet burde vore fjerna for lenge sidan, seier Markus Mohn Werner.

Han er forureiningsansvarleg i Sogndal kommune, og seier at utskiftingar i kommunen har bidrege til at saka ikkje har vore følgt godt nok opp.

Kommunen vurderte å melde saka til politiet, slik miljørådgjevaren tok til orde for.

Men ifølgje Mohn Werner vart dei råda av Statsforvaltaren i Vestland til å la vere.

– Difor gjekk vi ikkje til politiet, seier han.

Det avviser Christian Rekkedal, direktør ved landbruksavdeling hos Statsforvaltaren. Kommunen må ha misforstått, trur han.

– Vi har aldri kome med råd om ikkje å melde til politiet.

Same vår (22. april) vart Stortingsmelding 19 om miljøkriminalitet lagt fram. Der skriv Klima- og miljødepartementet at saker av denne typen bør meldast til politiet.

Christian Rekkedal på Søreide

USAMD MED KOMMUNEN: Landbruksdirektøren i Vestland, Christian Rekkedal, avviser at han har råda Sogndal kommune til ikkje å melde forureiningssaka til politiet.

Foto: Ole Heilevang / NRK

Vil ha krav til gjenvinning

I november skrev NRK om ei ny undersøking som viser at det vart funne plast frå landbruket i nesten alle elvane på Vestlandet.

– Veldig uheldig, kommenterte Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Leiar i Vestland bondelag, Anders Felde, uttalte samtidig at han meiner ordninga for innsamling var mykje betre før enn den er i dag.

I forslag til nytt avfallsforskrift tek Miljødirektoratet til orde for at norske bønder må levere inn all landbruksplast til gjenvinning.

Det er i dag ikkje noko slikt krav.

– Kravet skal sikre at landbruksplast blir sortert ut og gjenvunne, seier kommunikasjonsrådgjevar Ingun Larsen i Miljødirektoratet.

Det er Klima- og miljødepartementet som i løpet av året skal avgjere det endelege innhaldet i den nye avfallsforskrifta.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad deltok i sauesankingen i Sirdal i helga

UHELDIG: Ei ny undersøking viser at det vart funne plast frå landbruket i nesten alle elvane på Vestlandet. – Veldig uheldig, kommenterte Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Foto: Kaja Schill Godager / Landbruks- og matdepartementet

– Tek tre år å rydde opp

Attende i Sogndal seier gardbrukaren at han er lei seg for at han ikkje har rydda opp plastavfallet.

– Det er ikkje bra det som har skjedd, og eg vil rydde opp, seier han.

Han legg til at han ikkje er åleine om problemet.

– Mange bønder har svin på skogen.

I eit brev til kommunen skriv han at han «treng lang tid på og få dette gjort». Han antydar at det kan ta tre år å rydde opp.

Det kjem ikkje på tale, ifølge varaordførar i Sogndal, Vibeke Johnsen (SV).

– Det er altfor lang tid, seier ho.

Bilde av landbruksplast

TEK SJØLVKRITIKK: Gardbrukaren i Sogndal beklagar at han har forsøpla beiteområdet sitt med plast.

Foto: Dag Petter Hollekim