Hopp til innhold

– Ein av dei mest spesielle forhandlingane som har vore på lang tid

Bondelagsleiaren står i spissen for den største bondedemonstrasjonen på mange år. Nils T. Bjørke legg ikkje skjul på at den siste veka har vore svært hektisk.

Nils T. Bjørke

HEKTISK: Det er hektisk tider for leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag. Om knappe to veker går han av som leiar og kan konsentrera seg fullt ut om garden Bjørke heime på Voss.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Tusenvis av bønder møter landbruksministeren

DEMONSTRASJONAR: Tusenvis av bønder tok over hovudstaden denne veka, for å syne sin misnøye mot Staten sitt tilbod i jordbruksoppgjeret.

Foto: Lars Nehru Sand

Skjelt ut og latterleggjort. Men også høgt elska. Den norske bonden har skapt overskrifter og heftig engasjement den siste veka. 13. mai vart det brot i forhandlingane mellom staten og bøndene i jordbruksoppgjeret.

– Måten dei har ført forhandlingane på, gjer at det har vore ein av dei mest spesielle på lange tider, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag. Han har stått i spissen for den største demonstrasjonen frå bøndene på fleire år.

Dei bad om 1,5 milliardar kroner og Staten kom til bordet med 150 millionar kroner. Natt til fredag braut regjeringspartia forhandlingane med støttepartia Kristeleg folkeparti og Venstre.

– Det har vore hektisk

Neste veke går saka til Stortinget, og bøndene trur dei har betre sjansar for eit godt utfall. Bondelagsleiaren legg ikkje skjul på at det har vore hektiske tider.

– Ein er midt oppi det og skal passe på at ein får ut korrekt informasjon til bøndene. For me føler at departementet prøver å legga lok på kva oppgjeret faktisk handlar om.

– Kva meiner du med det?

– Dei seier det er eit bra tilbod og at det gir små endringar. Realiteten er at den gjennomsnittlege bonden i Norge kjem dårleg ut, meiner Bjørke.

Nils T. Bjørke var fredag 23.mai gjest i Vestlandsrevyen.

SJÅ VIDEO: Nils T. Bjørke var gjest i Vestlandsrevyen fredag.

Glad for støtta

55-åringen seier den siste veka har handla om å få bodskapen til bøndene fram. Ikkje berre til politikarane, men også til folk flest. Og han er svært glad for å høyre det bøndene fortel om demonstrasjonane rundt omkring i heile landet.

– Dei var litt skeptiske når dei var først ute og demonstrerte. Men så har dei fått så mykje gode tilbakemeldingar frå forbrukarar og folk flest. Dei har fått det frå alle samfunnslag.

Spesielt glad er Bjørke over mottakinga i hovudstaden.

– Når vi gjekk i tog gjennom Oslo, kunne vi sjå folk som stod i vindauga på kontora sine og gav oss tommelen opp, smiler han.

Var stille då Listhaug tala

Sylvi Listhaug

TALA: Sylvi Listhaug tala til bøndene framfor Stortinget.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Bjørke har vore leiar i Bondelaget sidan 2009, og er van med møta motstandarar i debattar med høg temperatur. I møte med munnrappe og kjappe debattantar, tenkjer 55-åringen på alle som støttar og står bak han.

– Med dei i ryggen går det greitt, seier Bjørke og meiner han stort sett klarar å halde seg roleg.

Rolege var også dei 5 000 bøndene som hadde troppa opp framfor Stortinget tysdag. Då landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) kom ut for å tale til dei frammøtte, var det ingen buing å høyra.

Det var tvert imot heilt stilt.

– Vi ville vise statsråden respekt. Samstundes hadde vi eit stort behov for å vise at vi ikkje er einig med ho. Då meinte vi at det å vera stille var ein god måte å gjera det på.

I juni går Nils T. Bjørke av som leiar for bondelaget. Då er det slutt på pendlartilvêret og trebarnsfaren kan konsentrere seg om sin eigen gard heime på Bjørke i Voss kommune.