Hopp til innhold

Bonde må møte i retten tiltalt for dyremishandling og ulovleg sal av kjøt

Sjuke, tynne og avmagra dyr – og utan tilsyn og tilgang på mat og skikkeleg fôr. Forholda i fjøsen fekk Mattilsynet til å reagere.

No har statsadvokaten teke ut tiltale mot bonden, som må møte i Sogn og Fjordane Tingrett 16. mars for å svare på skuldingane.

Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

– Han vedgår ikkje straffskuld. Han meiner at rapporten frå Mattilsynet er feil og at den byggjer på usanningar. Vi har og vitne som stadfestar opplysningane til klienten min. Han stiller seg heilt uforståande til tiltalen, seier mannen sin forsvarar, Louis Anda, til NRK.

I løpet av tre år har tal dyrevelferdssaker i rettssystemet i Noreg mangedobla seg.

Tynne og avmagra

Mattilsynet meiner dei har funne mange brot på dyrevelferdslova i perioden frå mai 2017 til juni 2019. I tiltalen vert bonden blant anna skulda for mangelfullt tilsyn med dyra. Kalving skal ha skjedd utan tilsyn og dyra skal ikkje ha hatt tilgang på vatn og fôr av eigna kvalitet.

– Dyra var sterkt prega av mangel på stell. Blant anna var mange tynne eller avmagra, og fleire var sjuke, skriv statsadvokat Kristine Herrebrøden i tiltalen.

Sogningen skal og ha mista ni storfe på utmarksbeite, der to vart funne døde. Han skal heller ikkje ha sytt for avliving av sjuke dyr eller skaffa naudsynt veterinærhjelp.

Sviskadar og skit i huda

Fleire dyr hadde sviskadar og skit i huda, og håravfall fordi dei hadde måtte liggje i urin og avføring, ifølgje rapportar frå Mattilsynet.

Sogningen er og tiltalt for brot på matlova. Ifølgje påtalemakta skal han i perioden februar til april 2019 ha selt storfekjøt frå dyr som var slakta heime på garden.

Til det siste svarar forsvarar, advokat Louis Anda dette:

– Det er ikkje rett at det har vore drive med organisert sal, slik det står i tiltalen.

Louis Anda

FORSVARAR: Advokat Louis Anda meiner rapporten frå Mattilsynet er tendensiøs og at den ikkje gir eit rett bilete av verkelegheita.

Foto: Øyvind Torvund / NRK

– Forfølgd og dårleg behandla

Bonden hevdar han kjenner seg forfølgt og dårleg behandla.

– Rapporten er tendensiøs og at situasjonen er skildra mykje verre enn det som verkeleg er tilfelle, seier Anda.

Advokaten meiner at tiltaka til Mattilsynet har hindra bonden i å drive garden på ein slik måte at han kunne hatt økonomi til å modernisere fjøsen.

Mattilsynet ønskjer ikkje å kommentere saka, og syner til påtalemakta.