Hopp til innhold

Bonde fryktar han må slakte dyr grunna dårlege avlingar

EID (NRK): Det går mot ein dårleg slått for enkelte bønder i varmen og tørken. Gardbrukar Arne Knut Orvik i Eid fryktar at storparten av avlinga går tapt.

Arne Knut Orvik

DÅRLEG AVLING: Bonde Arne Knut Orvik i Eid viser fram korleis graset ser ut.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Avlinga er rett og slett ein katastrofe. Eg fryktar nær 80 prosent avlingssvikt, seier gardbrukar Arne Knut Orvik på Furefjerding i Eid.

Blir det like lite gras resten av sommaren, kan det få store følgjer.

– Har vi ikkje mat til dyra, må vi gjere tiltak og slakte ned halve bestanden. Om det ikkje blir meir gras i andreslåtten, lyt vi redusere. Eg veit heller ikkje om eg får kjøpt fôr, det er avlingssvikt over heile distriktet.

Dårleg grasavling

TØRT: Graset har visna før det er utvakse., seier bonde Arne Knut Orvik.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Garden ligg på 300 meters høgde over Hornindalsvatnet. Bakkane er bratte og sørvende.

– Sola og vinden får veldig effekt. Dei siste 14 dagane har vi sett korleis graset blir svidd vekk. Vi hadde ei eng som var nesten ein halv meter høg. No er det berre nokre centimeter att.

Han har aldri tidlegare opplevd slik tørke, sjølv om graset har blitt svidd andre år også.

– Det har aldri vore slik før at graset har visna vekk før det er utvakse. Eg fryktar at om tørken fortset, så svir det stubben også. Då blir vel hoslåtten også skral.

Skilnader

Litt lenger vest i Nordfjord held Anders Alsaker på med slåtten.

– Her er mykje sandfjord, og graset har for altfor kort lengde. Vi ligg på ein rundballe per dekar, det normale er to.

Men det er store skilnader. Hos Kristen Alsaker litt lenger aust er det tilnærma normale mengder med gras.

– Det er kanskje litt under, men inga krise.

Spesiell sesong

Landbruksdirektør Christian Rekkedal hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane seier sesongen har vore spesiell så langt.

– Våren kom tidleg og bøndene byrja å slå siste dagane i mai. Det er spesielt i seg sjølv. Når vi også har hatt sterk varme i fleire veker, har plantar og gras blitt stressa av tørken.

Han seier det er alvorleg om dyr må slaktast grunna fôrmangel, men at ei avgjerd ikkje kan takast før vekstsesongen er ferdig.

– Blir det katastrofalt dårlege avlingar, finst det ei erstatningsordning. Men bøndene har både to og tre avlingar i sesongen, og det har ein tendens til å jamne seg ut.

I fjor var eit vanskeleg år, med mykje regn. Mange måtte kjøpe rundballar. Då var bøndene med myrjord mest plaga. Men nettopp myrjorda dreg dei nytte av i år, fordi ho held på vatnet.

– Der det er sandjord, skrint og bakkar, vil det tørke ut. Dette var ein fordel i fjor, seier Rekkedal.