Hopp til innhold

Sjekk kva som dukka opp på viltkameraet

Bonde Tor Inge Midtun fanga jerven på viltkamera i eit område myndigheitene har bestemt at det ikkje skal vere rovdyr. No håpar han at jerven blir skoten før sauene skal på beite.

Jerv fanga på viltkamera

SKRÅSIKKERT: At dette er ein jerv, er det liten tvil om. Om dyret i Mørkridsdalen er det same som har lagt att ekskrement fleire stader i Sogn eller sett spor av seg i Stryn, er derimot uvisst. – Jerven går lett mellom Stryn og Jostedalen, men ekskrementprøvene vil svare på om det er eitt eller fleire dyr, seier rovviltansvarleg i regi, seier Rein-Arne Golf i SNO.

Foto: Privat

– Eg må seie at eg vart litt overraska. For det var ikkje jerv eg var på jakt etter, seier Tor Inge Midtun om dyret viltkameraet foreviga i Mørkridsdalen i Luster.

Til våren slepper den ferske sauebonden for første gang sauer på beitet i det same området som viltkameraet tok bilete av jerv 12. februar.

Seinast i 2014 blei det utbetalt over tre millionar i erstatning til bønder i Indre Sogn for jerven sine herjingar i saueflokkane.

Les også: Skal ligge i fjellet døgnet rundt i jakta på jerven

– Fleire individ

Jervespor i Mørkrisdalen

SPOR: Både i Stryn og Lærdal er det sidan nyttår observert jervespor. – Men vi opplever ikkje noko stor endring i jervebestanden, meiner Rein-Arne Golf i SNO.

Foto: Privat

Om det er denne jerven som seinare har lagt att ekskrement funnen i Vettismorki (Årdal), Sotrutladalen, Bjørnstegen og Båtedalen (alle Luster) dei neste dagane, kan ein førebels ikkje seie sikkert.

Ei heller om det er denne jerven som det er observert spor av ved Ulvehaugen på Hemsedalsfjellet eller Longvasseggi i Stryn.

– Observasjonen, spormeldingane og ekskrementprøvene er vi sikre på er frå jerv. Vi er ikkje sikre, men vi trur at meir enn eitt individ har vore i området, seier regional rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn (SNO), Rein Arne Golf.

Skal ikkje vere jerv

Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn

UVANLEG ÅR: Jerven gjorde for få år sidan stor skade på beitedyr i fylket. – Fjoråret var spesielt då vi ikkje klarte å dokumentere skade som jerv påførte beitedyr, men vi har grunn til å tru at det er jerv i fylket meir eller mindre kvart år, seier Rein-Arne Golf i SNO.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Politikarane har bestemt at det ikkje skal vere ynglande jerv i rovviltregionen på Vestlandet. Men jerven bryr seg fint lite om politiske vedtak og fylkesgrenser. Den vandrar der den vil, og kan gå lange avstandar på kort tid.

Teoretisk sett kan ekskrement funne i Sogn stamme frå nokre av dei seks jervane som sidan nyttår er felte på Oppland-sida av fylkesgrensa.

– Sjølv om det blir tatt ut jerv kvart år i regionen, så kjem det inn nye dyr. Det er usikkert om desse slår seg til, eller berre streifar igjennom, seier Golf.

Ekstraordinært uttak

Lisensjakta slutta 15. februar utan at nokon av dei åtte dyra det var gjeve løyve på i rovviltregionen på Vestlandet vart felte. Midtun, og andre sauebønder nær fylkesgrensa til Oppland, håpar at Sogn og Fjordane står på blokka når Miljødirektoratet gjev SNO løyve til ekstraordinære jerveuttak.

Det gjer også Aleksander Øren Heen, leiar i rovviltnemnda region 1.

– Eg har vore i kontakt med direktoratet og Sogn står på blokka. Eg ventar at vi får ekstraordinære uttak i vår region, seier han til porten.no.

Færre jervekull

I 2015 vart det registrert 50 jervekull i Norge. Dette er ein nedgang på 15 kull samanlikna med året før.

Rovdyret gav bøndene i Indre Sogn ein marerittsesong i 2014.

– Det er jo ikkje noko god tanke at det kan vere jerv i området der sauene skal beite, men kva anna kan ein gjere, seier han.