Bompengeaksjonar i Bergen: «Nok er nok!» møtte «Bomring – Tusen takk!»

FESTPLASSEN, BERGEN (NRK): Det går ei bølgje av bompengeaksjonar over landet. Onsdag nådde bølgja Bergen, men der møtte aksjonistane uventa motstand.

Bompengeaksjonar i Bergen, ja-sida møter nei-sida i sentrum

SLAGET OM BOMRINGEN: Motstandarar av fleire bomstasjonar i Bergen møter Besteforeldrenes klimaaksjon. Dei takkar for bompengane.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Du har sikkert sett dei, klistermerka som seier at nok er nok. Det er slagordet til aksjonistane som ikkje vil ha meir bompengar i og rundt Bergen.

To gonger tidlegare i år har aksjonistane stoppa trafikken inn mot Bergen for å markera seg.

Køyr sakte, var mottoet til bompengemotstandarane

SNIGLAR SEG FRAM: Køyr sakte-aksjon mot bompengar i Bergen. Her sig det i 10 kilometer i timen i retning sentrum.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

I dag valde dei å delvis lamma trafikken frå heile åtte retningar inn mot bysentrum mellom klokka 17 og 19. Både frå Åsane, Rådalen, Sotra, Midtun, Askøy, Fyllingsdalen, Lønningen og Bergen vest.

Men denne gongen møtte dei motbør. Då kolonnene med store køyretøy seig inn mot sentrum, møtte dei besteforeldre med munnbind og banner som takka dei folkevalde for bompengane.

Besteforeldrenes klimaaksjon er glade for bomringen i Bergen

TUSEN TAKK: Besteforeldrenes klimaaksjon takkar for reinare luft og betre klima då dei konfronterte bompengemotstandarane i Bergen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Politiske aksjonar

Det er tredje gongen i år at bompengemotstandarane aksjonerer. Dei to andre gongene har dei lagt aksjonane til morgonrushet. Denne gongen venta dei til etter rushtida.

– Det er ikkje noko poeng at me skal lamma sentrum. Dette er ei politisk markering mot dei 13 nye bomstasjonane og dei to i sentrum, som er planlagde å koma i drift frå januar 2019, seier aksjonsleiar Willy Padøy.

Banner mot bompengar i Bergen

MED SLAGORD GJENNOM BYEN: Med slagord i grillen og langs sidene seig lastebilane mot bompengar gjennom Bergen sentrum.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Dei nye bomstasjonane i Bergen er del av Miljøløftet i byen, som er eit samarbeid mellom fylke, stat og kommune. Men trass i at dette er vedteke av folkevalde organ, meiner aksjonistane at det ikkje er for seint å snu.

– Sjeldan har politikarane vore så langt frå folket som dei er i denne saka, seier Padøy.

No ber han dei stikka fingeren i jorda.

Demonstrasjonar for og mot bompengar

Slik såg det ut då bompengemotstandarar og bompengetilhengjarar aksjonerte i Bergen sentrum.

– Me tenkjer på barnebarna

Bak motaksjonen står sju besteforeldre. Ein av dei var Per Hjalmar Svae. Han seier at det er på høg tid at nokon tek til motmæle mot bompengemotstandarane.

Mot-aksjonistane demonstrerer ved Festplassen i Bergen

Mot-aksjon: Per Hjalmar Svae demonstrerer mot demonstrasjonen mot bompengar i Bergen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Me seier: Bomring – tusen takk! Det gjev mindre køar, reinare luft og mindre klimagassutslepp.

Ein rapport laga for Statens vegvesen viser at rushtidsavgifta har ført til mindre køar i rushtida, færre bilar som passerer bomringen gjennom døgeret og reinare luft.

Les òg: Overraskande god effekt av køprising i Bergen. – Likevel ingen god ide, seier samferdsleministeren

Og dette vil Besteforeldrenes klimaaksjon ha meir av.

– Det er kritisk for klimaet no. Me fryktar for framtida til barnebarna, seier Svae.

Les òg: Det blir ingen endringer i Bymiljøpakken

Nasjonal bompengemotstand

Tidlegare i haust har det vore mange demonstrasjonar og harde frontar i Rogaland.

Bompengestasjon Florida

FLEIRE SLIKE: Det er planlagt fleire slike bomstasjonar i og rundt Bergen sentrum frå nyttår.

Foto: Sigurd Hamre/NRK Hordaland

Midt i september tok mellom anna byrådsleiaren i Bergen Harald Schjeldrup (Ap) til orde for å skrota bompengar til fordel for vegprising. Han sa til Bergens Tidende at om få år vil ikkje bompengar lenger vera berekraftig.

Les òg: Økte bompenger rammer distriktene