Hopp til innhold

Mistenkjelege gjenstad på Flesland var ikkje farleg

Politiet si bombegruppe har undersøkt ein mistenkjeleg pakke funnen på Bergen lufthamn Flesland. – Pakken er ferdig undersøkt og hadde ufarleg innhald, melder politiet.

Politiets bombegruppe ble tilkalt fra Oslo til Bergen for å undersøke en mistenkelig gjenstand på Flesland. Det viste seg ikke å være en bombe.

SJÅ VIDEO: Bombealarmen gjekk på Flesland.

Klokka 10.40 melder politiet at den mistenkjelege gjenstanden er ferdig undersøkt og at den hadde ufarleg innhald.

Pakken vart funnen utandørs på eit område der publikum ikkje har tilgang tidleg fredag morgon.

– Bombegruppa kom til Flesland klokka 09.25 og starta umiddelbart undersøking av pakken. Pakken er no ferdig undersøkt, det er ufarleg innhald. Pakken er fjerna og politiet avsluttar operasjonen, melder operasjonsleiar Lars Geitle i ei pressemelding.

Fly går som normalt

Då pakken blei oppdaga i dag tidleg blei bombegruppa i Oslo rutinemessig varsla og dei vurderte det slik at drifta på flyplassen kunne gå som normalt.

Ein politipatrulje blei sendt ut for å passe på at ingen kjem inn der pakken ligg.

– Bombegruppa er snart på plass på Flesland. Dei skal sjekke ut om det verkeleg er ei bombe, eller om det berre er ein pakke som ikkje skulle stått der, seier Geitle litt før klokka 09.00.

Bombegruppa er i gang med å undersøka pakken

Ronny Andre Øvrebotten

PLASSERING OG UTSJÅNAD: Innsatsleiar Ronny Andre Øvrebotten i politiet fortel at tilsette reagerte på plassering av og utsjånaden på den mistenkjelege gjenstanden.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Bombegruppa som skal sjekka ut den mistenkelege pakken på Flesland skulle reisa frå Oslo kl. 08.00. Kl. 09.25 stadfestar politiet at dei er framme på Flesland og i gang med å undersøka pakken.

– Dei er på staden no. Det er ennå for tidleg å seia noko meir om pakken, bombegruppa sjekkar den no og me vil gi dei litt tid, seier operasjonsleiaren i Hordaland politidistrikt.

Funnen av tilsett på flyplassen

Politiet fekk melding om funnet av pakken tidleg fredag morgon.

– Denne blei funnen kl. 05.50 i dag tidleg og det var då tilsette som reagerte på denne pakken, seier innsatsleiar Ronny André Øvrebotten i Hordaland politidistrikt.

– Kva var det med pakken de reagerte på?

– Det var litt plasseringa og delvis utsjånaden på pakken. Den høyrer ikkje naturleg til der den låg, seier Øvrebotten.

Operasjonsleiar Lars Geitle opplyser at pakken var rundt 30 x 10 centimeter, innpakka i gaffatape og plassert på eit bosspann eit stykke frå terminalbygningen.

Har skjedd 4–5 gongar dei siste åra

– Slikt skjer ikkje veldig ofte, men det har skjedd 4–5 gongar i løpet av dei siste to åra. Det er ei vurdering frå gong til gong, det er politiet som eig desse sakene. Dei ser då om dei treng støtte frå Oslo som i dette tilfellet her, eller om dei greier å handtera saka sjølv, seier lufthamnsjef Aslak Sverdrup.

Aslak Sverdrup

LUFTHAMNSJEFEN: Lufthamnsjef Aslak Sverdrup på Bergen lufthamn Flesland rosar tilsette på flyplassen for å vera årvakne.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Han rosar tilsette ved flyplassen for å vera årvakne.

– Dette blei funne av ein tilsett på flyplassen, som rapporterte det på vanleg måte. Det synest me er veldig positivt, at dei er årvakne og følgjer med. Saka blir då rapportert rett til politiet som eig hendinga på staden.

– Kva gjer denne pakken mistenkjeleg?

– Det er plasseringa av gjenstanden og også litt gjenstanden sin utsjånad, men politiet må uttala seg om detaljar rundt det, seier Sverdrup.