Eit fleirtal i fylkesutvalet med Senterpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti gjekk i går inn for å vidareføre dagens leigeavtale, men desse tre manglar ei røyst for å få fleirtal i fylkestinget.

Bokbåten Epos. Arkiv NRK
Fylkeskulturutvalet gjekk tidlegare inn for å avvikle bokbåten frå hausten. Men no går fylkesutvalet inn for å framforhandle ei ny avtale.
Leiar i SV, Magne Årdal seier dei vil strekke seg langt for å berge bokbåten.