Hopp til innhold

Bø vraka frå stafettlaget

Fjorårets verdscupvinnar i skiskyting, Tarjei Bø, er vraka frå det norske laget til mix-stafetten torsdag.

Tarjei Bø

VRAKA: I fjor vann Tarjei Bø VM-gull på mix-stafetten. I år får han ikkje gå.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Stryningen avgjorde då det norske laget vann tilsvarande stafett i Khanty-Mansiysk i fjor. Då gjekk også Ann Kristin Aafedt Flatland for det norske laget.

No er Bø bytt ut med Emil Hegle Svendsen, skriv adressa.no.

– Eg var innstilt på å gå den. Sjølv om eg var i dråleg form og presterte dårleg både i sporet og på skyting i januar så hadde det si forklaring. No kjenner eg meg i form, seier ein overraska Bø til avisa.

– Vel trygt

Mix-stafetten torsdag markerer starten på årets verdsmeisterskap skiskyting. Meisterskapen blir arrangert i tyske Rupholding.

Neste sjanse for 23-åringen til å vise seg fram i årets VM blir laurdagens sprint. I tillegg kjem jaktstarten. I fjor kom stryningen heim med to gull- og to bronsemedaljar frå VM.

– Eg føler eg er god nok til å gå på laget, men dei går vel for det trygge valet når ting har blitt som dei har blitt, seier han til NRK.

Påskestemning

Fjorårets verdscupvinnar har lagt bak seg ein trøblete vinter, med fleire nedturar enn oppturar. For etter ein desember med fleire plasseringar heilt i toppen, har Bø ein 9. plass som beste plassering etter sjukdomsfylt juleferie.

23-åringen kom tysdag til Tyskland og testa onsdag føremiddag ut løypene på Chiemgau Arena.

– For å best forklare dei heime korleis det er, så er det veldig varmt og litt påskestemning. Det er påskesnø og snart kjem sola og då blir det slush. Det er tungt å gå og blir utfordrande for smørjeteamet om vi skal ta gull, seier han til NRK.