Hopp til innhold

Bø klar for VM

Tarjei Bø er tatt ut til VM i skiskyting i Hochfilzen som startar i neste veke. Der skal han gå sprint og jaktstart.

Tarjei Bø

KLAR FOR VM: Tarjei Bø sikra seg den siste VM-plassen

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Det er gledeleg å sjå at Tarjei er på veg tilbake etter ein sesong prega av sjukdom. Han overtydde oss med innsatsen i IBU-cupen, og han er kapabel til å få eit ytterlegare formløft fram mot VM-konkurransane, seier sportssjef Morten Djupvik

Bø har tidlegare synt at han kan gjere comeback frå sjukdom.

– Difor vil ha han med på VM-laget, seier Djupvik.

Norges skiskyttarforbund har venta med den siste VM-plassen til etter IBU-cupen i Slovakia i helga. Der gjekk Bø inn til ein 6.-plass på sprinten fredag, og ein andreplass på laurdagens jaktstart. No er Tarjei Bø med i VM-troppen som reiser til Hochfilzen over helga, skriv NSSF i ei pressemelding.

– Eg er veldig glad for å bli tatt ut til å konkurrere i VM. Dette er den vanskelegaste snuoperasjonen eg har gjort, og no går eg for å overraske i VM, seier Bø,

Tarjei skal etter planen gå sprintdistansen og den etterfølgande jaktstarten i VM.

– Så får vi sjå om dette er godt nok til å gå stafetten, seier Djupvik.