Hopp til innhold

No er det ingen frå Sogn og Fjordane som har fleire gull enn han

Etter dagens gull på VM-fellesstarten i tsjekkiske Nove Mesto er Tarjei Bø den udiskutabelt mestvinnande vintersportutøvaren frå Sogn og Fjordane.

Tarjei Bø tok tre gullmedaljer

TRE GULL I NOVE MESTO: Føyar seg inn i gullsamlinga til Tarjei Bø.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Før dagens renn hadde han allereie fleire meisterskapsgull enn Odd-Bjørn Hjelmeset, men det var inkludert stafettsigrar.

Etter det fantastiske løpet i Nove Mesto søndag, der han tok sitt andre individuelle VM-gull i karrieren, er han udiskutabelt den mestvinnande vintersportutøvaren i internasjonale meisterskap frå Sogn og Fjordane.

Eg kjempa knallhardt. Eg har stått på og i dag var eg so gira, eg hadde verkeleg lyst å vinne. Det er heilt vanvitig, det betyr alt, sa ein glad Tarjei Bø til NRK rett etter at han hadde gått i mål.

Åtte gull

Odd-Bjørn Hjelmeset

IKKJE LENGER DEN MESTVINNANDE: Odd-Bjørn Hjelmeset er ikkje lenger den frå Sogn og Fjordane med flest internasjonale medaljar.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Langrennsløparen Odd-Bjørn Hjelmeset frå Gloppen tok sitt einaste individuelle VM-gull då han vann femmila i Sapporo i 2007.

Men som ein gjengangar på Norge sitt stafettlag, sanka glopparen med den karakteristiske stilen gull i 2001 (Lathis), 2005 (Oberstdorf), 2007 (Sapporo) og 2009 (Liberec).

Tarjei Bø frå Stryn tok sitt, fram til i dag, einaste individuelle VM-gull på 20-kilometeren i 2011 i Khanty-Mansijsk. Som ein del av det norske stafettlaget, både vanleg stafett og miks-stafett, har han to gull frå Khanty-Mansijsk (miks-stafett og stafett), 2012 i Rupholding (stafett) og to gull frå Nove Mesto i 2013 (miks-stafett og stafett).

Med gullet i dag er stryningen oppe i åtte gull totalt, to individuelle og seks i stafett.

– Berre i staren av karrieren

Det er imponerande, eg kan ikkje koma på nokon andre frå fylket som har gjort det so bra internasjonalt, seier idrettshistorikar Grunde Selås.

Grunde Selås

IDRETTSHISTORIKAR: Grunde Selås

Foto: Atle Lyngstad Ness

Han har jobba med idretten i Sogn og Fjordane sidan 1960, og har skrive idrettssoga for Sogn og Fjordane.

– Det er Tarjei Bø og Odd-Bjørn Hjelmeset som er dei to store i vintersport frå Sogn og Fjordane. Me har gleda oss over Hjelmeset i mange, mange år, og no er det Bø me kan gle oss over, seier Selås.

Og han trur at Bø står framfor mange år med nye triumfar.

– Han er berre i starten av karrieren si endå, han kan driva på i mange år til. Det verkar som han har ei utruleg evne til å nå lenger. Han har ei veldig sterk psyke, noko som betyr veldig mykje, spesielt i skiskyting, og han er utruleg flink til å konsentrera seg når det gjeld som mest, slik me såg i dag.