Laurdag låg det nesten 100 båtar ved kaia, og 450 festivalgjester var dobbelt så mykje som leiinga hadde håpa på.
Finnabotnen er veglaus, og festivalleiar Turid Ski Finnebotten seier dei hadde ein vanskeleg jobb med å skaffe båtskyss heim til alle besøkande som trengde det.
I år var første gongen dei arrangerte bluesfestival i Finnabotnen, og festivalleiaren reknar med at det vert festival neste sommar også.