Hopp til innhold

Blodraude tal og sparekniv på bordet – Vestland tvinga til å kutte milliardinvesteringar

Ein økonomisk smell på over 700 millionar kroner i Vestland gjer at milliardprosjekt vert sette på vent i det nye storfylket.

Firda vidaregåande

VIDAREGÅANDE: Vedlikehald av skular, som her ved Firda vidaregåande skule i Gloppen, kan bli sett på vent på grunn av dårleg økonomi.

Foto: Hege Hauff Hvattum / RUBICON

NRK presiserer: Det var budsjett-tekniske årsaker til at departementet i mars slo fast at Vestland Fylkeskommune var kvalifisert til å kunne kome på ROBEK-lista. Men fylkesrådmann Haugedal seier økonomien aldri har vore så dårleg at det er ein reell fare at fylket blir sett under statleg styring.

Førebelse prognosar syner at Vestland fylke ligg an til eit underskot på 767 millionar kroner. Ifølgje fylkesrådmann Rune Haugsdal har tapte inntekter og auka kostnader som følgje av koronaviruset forverra den økonomiske situasjonen.

For å få budsjettet i balanse må Vestland fylkeskommune difor kutte investeringar for 2,7 milliardar.

Skuleelevar er nokre av dei som vert hardast råka av sparekniven til fylkesrådmannen. Han vil utsette vedlikehald og nybygg ved fleire vidaregåande skular, som ved Firda vidaregåande skule i Gloppen.

– Bygget er om lag 50 år gammalt og har ikkje vore rehabilitert. Dette er ikkje bra, seier rektor Hallgeir Hansen.

No er rektoren uroa for ein ny trend.

– Eg håper utsetjing av rehabilitering ikkje blir regelen, seier han.

På vent

Når milliardar ikkje skal ut av lommeboka, så vil det også råke bilistane. Vegprosjekt som rasutsette fylkesveg 7 mellom Øystese-Granvin, kystvegen mellom Svelgen-Indrehus og fastlandssambandet til Atløy i Askvoll kan verte utsette.

– Eg er skuffa. Dette er viktige prosjekt for kysten, seier Frank Willy Djuvik, som er fylkespolitikar for Frp i Vestland og styreleiar i kystvegen Bergen- Ålesund.

Han viser mellom anna til Atløysambandet og kystvegen. No kan han sjå langt etter begge, og koblar utsettinga til regionreforma.

– Som politikar frå Frp har eg aldri vore ein varm tilhengar av regionreforma. Eg har frykta at den økonomiske situasjonen vi står i skulle skje, seier Djuvik.

På Atløyna i Askvoll kommune i Sunnfjord har øyfolket kjempa for å få bru til fastlandet i fleire tiår.

MÅ UTSETJE: Bygging av Atløysambandet på kysten i Askvoll er eit av ei rekke prosjekt som fylkesrådmennen i Vestlandet utsetje.

Foto: Rambøll

Blodraude tal

På torsdag skal finansutvalet i Vestland møtest. Då er det alt anna enn lysteleg lesnad dei får presentert.

Fylkesrådmann i Vestland, Rune Haugsdal, vedgår at den økonomiske situasjonen er svært krevjande.

– Det kan vere at vi ikkje kan tilby ein del av dei tenestene som vi tilbyr i dag. Det må bli gjort politiske prioriteringar, men vi må levere på dei lovpålagde oppgåvene, seier han.

– Kva av dei føreslåtte kutta er det som smertar deg mest?

– Det er vanskeleg å gradere dette. Kutt vil alltid ramme nokon og vil alltid vere krevjande.

Kommunaldepartementet har varsla at det nye storfylket i vest står i fare for å hamne på ROBEK.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal

KUTT: Fylkesrådmann Rune Haugsdal

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Ein stor fiasko

– Regionreforma er ein stor fiasko. Finansieringa har kome heilt ut av lage, seier Jørgen Amdam.

75-åringen har vore professor i samfunnsplanlegging sidan 1994. Han har også vore ordførar for Ap i Volda.

Amdam er ikkje overraska over den dramatiske økonomiske situasjonen i Vestland fylkeskommune, der driftsbudsjettet innan få år må vere 500 millionar lågare enn i dag.

– Regionreforma er på ingen måte finansiert, seier han.

Fylkesrådmannen i Vestland er ikkje einig i at dei blodraude tala syner at heile regionreforma er mislykka.

– Vi har fått signal over fleire år frå statlege hald, om at vi går ein periode i møte der vi må strame inn litt, seier Haugsdal.