Haukeland universitetssjukehus må spara 200 millionar kroner på neste års budsjett. Grunnen er blant anna budsjettoverskridingar på 76 millionar – inkludert 15 millionar kroner i ekstrautgifter til sykkel-VM.
– Me synest som alle andre at sykkel-VM var ein fest, men det er litt spesielt at me sit igjen med rekninga til ein fest andre har invitert til, seier kommunikasjonsdirektør Erik Vigander i Helse Bergen.
Etter den søte kløe
Meisterskapen var ein sportsleg suksess, men styrer mot dundrande underskot. Uteståande gjeld til kreditorar, det internasjonale sykkelforbundet og blant andre Vest politidistrikt, gjer at sykkelpresident og VM-sjef Harald Tiedemann-Hansen har fått sterk kritikk i etterkant.
- Les også:
No kjem også kritikken frå Helse Bergen.
– Ekstrautgiftene kjem frå forsterka bemanning, opplæring og andre meirutgifter. I tillegg er det snakk om tapte inntekter på grunn av lågare aktivitet på sjukehuset, blant anna fordi avtalar blei utsette, seier Vigander.
– Kva inneber det for sjukehuset at ein ikkje får betalt tilbake desse pengane?
– Veldig enkelt sagt så er det 15 millionar me kunne ha brukt på pasientbehandling, innkjøp av utstyr og investeringar. I den situasjonen me står i no, er det ein stor sum.
- Les også:
– Staten har ansvaret – staten bør betala
Nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp), reagerer på at sjukehuset ikkje får betalt tilbake utgiftene.
– Det er heilt urimeleg at Helse Bergen skal måtta tola ein kostnad på 15 millionar fordi Bergen arrangerte sykkel-VM. Det hadde vore rimeleg og klokt om staten hadde gått inn og dekt i alle fall deler av kostnadene.
Også politiet har inneståande beløp dei ikkje har får betalt tilbake – verken frå VM-arrangøren eller styresmaktene.
- Les også:
Kulturdepartementet har tidlegare avvist at dei vil løyva meir pengar og vist til at VM har fått 12 millionar meir enn dei søkte om.
Toppe er svært overraska over at utgiftene til ordinære samfunnsoppdrag er blitt så høge.
– Skal Noreg arrangera store arrangement, men me må slutta å vera uærlege med samfunnskostnadene i forkant. Når helsestellet blør, så meiner eg det er rimeleg at staten som sjukehuseigar og med ansvar for politiet, tek meir ansvar.
NRK har vore i kontakt med Kulturdepartementet, som ikkje har høve til å kommentera saka onsdag kveld.
– Har skjønt at det er lite å henta
Helse Bergen var aldri invitert til samtalar før søknaden om sykkel-VM blei sendt.
– Me har ikkje søkt om sykkel-VM. Men det var vår plikt å bemanna opp og forholda oss til arrangementet. Men me hadde ikkje trudd eller frykta at me ville tapa så mykje.
– Rekna Helse Bergen med at dette var pengar de kom til å få dekt?
– Me meiner det hadde vore naturleg, men me har undersøkt moglegheitene og har skjønt at det er lite å henta.
Sykkelpresident Harald Tiedemann-Hansen skriv i ein SMS til NRK at han ikkje kjenner til kravet frå Helse Bergen.