Hopp til innhold

Slo mann til blods – stakk av i drosje

Blodige kampar og knekte nasar etter fleire gjengslagsmål i Bergen i natt. – Brått eksploderte aktiviteten, seier politiet.

Torget i Bergen ein oktobermorgon i 2016

BERGEN SENTRUM: Innanfor eit tidsrom på 40 minutt fekk politiet i Bergen melding om fire tilfelle av vald i sentrum.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Natt til onsdag var svært roleg for politiet i Hordaland, men mellom klokka 3 og 4 vart det travelt for politipatruljane i Bergen sentrum.

– Det har vore ei stille natt i fylket, men brått eksploderte det, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes i Vest politidistrikt.

Fire slåstkampar på 40 minutt

Klokka 03.03 fekk politiet meldinga om den første av fire slåstkampar.

Politiet fekk ei uromelding frå tilsette ved McDonalds på Torgallmenningen. Ein gjeng på om lag ti personar barka saman i eit masseslagsmål utanfor inngangen.

– Det var mykje knuffing fram og tilbake. Situasjonen var veldig uoversynleg då patruljen kom fram, og me fann ikkje ut kven som hadde slege kven, seier Eidsnes.

I loggen til politiet er seks personar notert. Alle er fødd midt på 1990-talet. Ein av desse fekk pålegg om å halda seg vekke frå sentrum.

20 minutt seinare gjekk alarmen framfor Tinghuset i Bergen.

– Ein 41-åring vart slegen i andletet av ein mann på 25. Gjerningsmannen fekk pålegg om å fjerna seg og den fornærma vurderer å melda saka.

Slo mann til blods – stakk av i drosje

Like etterpå, klokka 03.35, fekk politiet telefon frå ein drosjesjåfør to steinkast unna. Tre gjerningsmenn hadde stukke av i ein drosje etter at ein 34 år gamal mann vart slegen til blods utanfor Subway på Engen.

– Mannen var full i blod og hadde truleg knekt nasen. Han vart sendt til legevakta i ambulanse. Me har ei vag skildring av dei tre gjerningspersonane, og veit kva drosje dei tok. Me vil etterforska saka nærare og håpar å finna dei tre.

Klokka 03.41 vart ein 22 år gamal mann slegen ned utanfor Scandic City hotell. Gjerningsmannen, ein 26 år gamal mann, hadde kome seg inn på eit hotellrom då politiet kom fram.

– Me har ikkje fått tak i han, men me har eit namn. Den fornærma vurderer å melda forholdet, opplyser Eidsnes.

Uvanleg natt til onsdag

Eit så høgt aggresjonsnivå er ikkje vanleg midt i veka, seier Eidsnes. Politiet veit ikkje kvifor det brått tok av i Bergen sentrum.

– Hendingane kom veldig tett på, elles var natta veldig roleg. Me veit ikkje kvifor det var så mykje akkurat i natt. Fleire av gjerningspersonane var relativt unge.

Bråkande ungdommar på Torgalmenningen

BRÅK I HAUSTFERIEN: Førti ungdomar barka saman i eit masseslagsmål på Torgallmenningen i haustferien. Kamphanane som herja bybiletet i natt er ikkje knytt til desse hendingane.

Foto: Tipsar

Fleire av gjerningspersonane var fødde seint og midt på 90-talet. Ifølgje politiet heng ikkje bråket saman med ungdomsbråket på Torgallmenningen i førre veke.

– Gjerningspersonane er ikkje knytt til den gjengen som har heldt på dei siste vekene, fortel Eidsnes.