Hopp til innhold

Inste del av Oldedalen blir utan straum og vegsamband til måndag

Dei vel 100 innbyggjarane inst i Oldedalen i Stryn kommune blir utan straum og vegsamband til måndag.

Oppryddinga ved Gytri går for fullt i Oldedalen

RAS SPERRAR VEGEN: Fleire ras har laurdag sperra vegen inn til inste delen av Oldedalen i Stryn kommune. Her er mannskap i full sving med opprydding ved Gytri.

Foto: Einar Myklebust

Nedbørsmengder i bøtter og spann førte fredag kveld og natt til laurdag til fem ras på fylkesveg 724 inn i Oldedalen. Vegen er stengd ved Yri, og innbyggjarane lenger inne er dermed veglause.

Ved midnatt gjekk også straumen, og ti mann frå Stryn Energi har laurdag jobba med å få straumen tilbake.

– For farleg å ferdast i området

Men etter naturkreftene sine herjingar er dette lettare sagt enn gjort, det fortel energisjef Jan Træen i Stryn Energi laurdag ettermiddag. Det er for farleg å rydde raset som sperrar vegen, og dermed kjem energiselskapet seg ikkje fram med nødvendig utstyr.

– Vegvesenet har hatt ein geolog i helikopter over området i Oldedalen. Konklusjonen er at mannskapet ikkje får lov til å rydde resten av raset ved Yrineset før tidlegast måndag, seier Træen.

Rasmassane skal vere veldig våte og tunge, og det blir vurdert som for farleg å ferdast i området. Dette får også konsekvensar for energiselskapet sitt vidare arbeid med å få straumen tilbake.

Kjem seg ikkje fram med utstyr

– Vi kjem oss ikkje fram med det materiellet vi må ha på plass. Nå geologen seier at vegen ikkje blir rydda, får ikkje vi gjort arbeid i området, seier han.

Eit mogleg alternativ var å frakte utstyret forbi raset med helikopter, men det viste seg at utstyret var for tungt.

Træen seier dei har fått reparert det dei skal slik at innbyggjarane fram til Yrinester har straum, men dei vel 100 personane som bur innanfor må klare seg utan straum til over helga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jordras ved Yri i Oldedalen

HØGT OPPE: Jordraset ved Yri starta høgt oppe i fjellsida.

Foto: Einar Myklebust

Skal gå raskt når vegen opnar

Ein del av dei skal også ha problem med mobildekninga, men før i dag fekk ein på plass ei mobilmast som kan avhjelpe situasjonen for ein del av det.

Styreleiar i Stryn Energi, Rune Myklebust, bur sjølv i Oldedalen og han er laurdag ettermiddag i gang med å varsle innbyggjarane som blir råka.

Når vegen blir opna reknar Træen med at det resterande arbeidet skal gå raskt, og at alle innbyggjarane då kan få straumen tilbake.

– Dette er ingen god situasjon

Jan Høgalmen i Oldedalen

AGGREGAT: Dei aller fleste inst i Oldedalen har lært av tidlegare uvêr, og har sikra seg aggregat. Det gjeld også gardbrukar Jan Høgalmen som får gjort fjøsstellet laurdag kveld ved hjelp av aggregat.

Foto: Privat

Jan Høgalmen er ein av dei vel 100 innbyggjarane som må klare seg utan straum i fleire dagar. Han driv saman med to andre ei samdrift i Oldedalen, og når NRK ringer laurdag ettermiddag er han i fjøsen.

– Dette er ingen god situasjon for oss, seier han til NRK.no.

Men til alt hell har innbyggjarane rusta seg for slike hendingar. Etter at uvêret «Dagmar» herja i romjula 2011 har folk handla inn nødvendig utstyr.

– Dei fleste har ordna seg med ein eller anna form for naudaggregat, alle fjøsane har det og ein del av hushaldningane har aggregat som går på bensin, seier Høgalmen.

– Det er ikkje noko krise, men det er ingen ønskjeleg situasjon å vere utan straum i fleire dagar, seier han.

– Ei uhyggjeleg stemning i dalen

Med aggregat kan bonden sørge for at dyra i fjøsen både blir mjølka og får mat, men ein del av arbeidet blir langt tyngre utan straum.

– Til dømes fôringsanlegget vårt treng så mykje straum at aggregatet ikkje greier levere nok, dermed må vi gjere dette manuelt med ein minilastar, fortel han.

Med vegen stengd er innbyggjarane også innesperra. Om noko skulle skje må dei kome seg ut av dalen på anna vis enn med bil.

– Vi har ein båt som går på vatnet her, og den kan vi bruke. Og om det er noko lunde godt nok vêr kan det kome helikopter. Men no har det byrja regne og det er ganske tungt her inne, så det er ei uhyggjeleg stemning i dalen. Det skal eg ikkje leggje skjul på.

– Om det skjer noko er vi litt innesperra, men vi prøver å hjelpe kvarandre så godt som vi kan, seier Høgalmen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Oldedalen» i nytt vindu