Hopp til innhold

Blir Oldeide årets kommuneprofil?

Lokalpolitikar for partiet Raudt i Vågsøy er ein av seks nominerte til utmerkinga " Årets kommuneprofil".

Geir Oldeide (Raudt)
Foto: Vegar Erstad / NRK

Det er fagbladet Kommunal Rapport som har nominert Oldeide frå Vågsøy.

Sjå kven dei andre nominerte her;

Årets kommuneprofil 2009

Geir Oldeide er nominert for sin omfattande innsats for å få fram sanninga i samband med seglskutefestivalen Tall Ships Races som enda med ein økonomisk skandale for kommunen.

Over eit år etter at festen var over har det vore svært vanskeleg å få ut informasjon om budsjett, og korleis den økonomiske styringa var av seglskutefesten.

Oldeide har vore ein av dei som har pressa på for å få sanninga fram.

- Svært gledeleg, seier Oldeide om nominasjonen.