Hopp til innhold

Slit med å få tak i nok helsearbeidarar

Det vil bli ein hard kamp om fagutdanna helsearbeidarar i åra framover. Mangelen på sjukepleiarar er merkbar allereie. Til og med bemanningsbyråa slit med få tak i nok folk.

Jorunn Landstad

ETTERTRAKTA: Sjukepleiar Jorunn Landstad er like glad i jobben etter 18. – Dei eldre er på ingen måte noko einsarta gruppe. Dei har samansett sjukdomsbilde, noko som kan vere vel så utfordrande som å jobbe på sjukehus, seier Landstad.

Foto: Silje Guddal / NRK

På Gloppen omsorgssenter låser Jorunn Landstad seg inn på medisinrommet. Ein ny dosett skal lagast klar.

– Vi har veldig mange ulike pasientar innom, med ulike diagnosar, så vi treng forskjellige medisinar på lager.

Medisinrommet liknar eit lite apotek. Her trengst det kyndig kompetanse. Rett medisin skal til rett pasient.

Det vert hard kamp om tilsette som Landstad i åra framover. Svært mange sjukepleiarar og helsefagutdanna nærmar seg pensjonsalder.

Storstila rekrutteringsjobb

– Vi har 25 årsverk som er 60 år eller eldre innan pleie- og omsorgssektoren, seier kommunalsjef Jeanette Jensen i Vågsøy kommune.

Kommunalsjef Jeanette Jensen i Vågsøy

MÅ REKRUTTERE I STORT MONN: Kommunalsjef Jeanette Jensen i Vågsøy kommune seier dei tek kontakt med alle frå kommunen som tek sjukepleiarutdanning.

Foto: Silje Guddal / NRK

NRK har spurt ei rekkje kommunar om kor mange dei må rekruttere til pleie- og omsorgssektoren dei komande tre til fem åra. Svara varslar ein kamp om ressursane.

I Luster er 69 tilsette i omsorgssektoren 60 år eller eldre. Stryn må erstatte 36 årsverk innan 2020. Gaular vil truleg trenge 20 til 35 nye par hender innan pleie og omsorg dei komande åra. Gloppen jaktar på opp mot nye 16 helsefagarbeidarar.

Fylkesleiar Oddgeir Lunde i sjukepleiarforbundet er uroa over situasjonen.

– Rekrutteringssituasjonen vert hardare og hardare. Fleire må kjempe om færre og færre sjukepleiarar. Dei som er først på bana med gode rekrutteringspakkar, dei vil vinne denne kampen.

Kva skjer med dei som tapar kampen om sjukepleiarane?

– Då får pasientane ei utfordring, for då vil ikkje arbeidsgjevar kunne greie å gje dei den helsetenesta som dei har krav på, seier Lunde.

Hard konkurranse

Tal frå Norsk Sykepleierforbund syner at 36 prosent av sjukepleiarane som var ferdig utdanna ved Høgskulen i Sogn og Fjordane ved nyttår, stod utan arbeid. Mange av dei heimehøyrande i fylket.

– Her er ikkje kommunane flinke nok. Kommunane må vere mykje meir proaktive, dei må møte opp på skulen og ta direkte kontakt med studentane, seier Lunde.

Fleire av kommunane NRK har vore i kontakt med viser til omfattande tiltak for å rekruttere sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.

Permisjon med løn under utdanning, høgre løn, praksisplassar og seniortiltak er nokre av verkemidla kommunane viser til.

I følgje Lunde vert 3500 sjukepleiarar ferdig utdanna kvart år, men samstundes sluttar 5000 i helsetenesta årleg.

Påverka av kronekursen

Etterspurnaden etter sjukepleiarar er no så stor at sjølv bemanningsbyråa merkar kampen. I bemanningsbyrået Ambio Helse er om lag 90 prosent av vikarane frå Sverige.

Kristian Monsen Aune, Ambia Helse

JAKTAR VIKARAR I SVERIGE OG DANMARK: Dagleg leiar Kristian Monsen Aune i bemanningsbyrået Ambio Helse seier det i år er blitt enda vanskelegare å få tak i nok personell.

Foto: Privat

– Då får det stor innverknad når kronekursen går ned. I tillegg har både Sverige og Danmark auka lønningane. Det gjer det vanskelegare for oss å finne nok personell, seier dagleg leiar Kristian Monsen Aune.