Hopp til innhold

Blindpassasjer gøymde seg i motorrommet til skip på veg til Hardanger

For andre gong på to månader har blindpassasjerar frå Vest-Afrika kome med skip til Tyssedal.

MS «Thomas Selmer» ligg til kai ved Tizir i Tyssedal.

BLINDPASSASJER: I motorrommet på MS «Thomas Selmer» gøymde ein vestafrikansk mann seg då skipet låg til kai i Dakar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Tysdag kom skipet MS «Thomas Selmer» til industribygda Tyssedal i Hardanger, for å levera ilmenitt til smelteverket Tizir der. Ifølgje MarineTraffic forlét skipet Dakar i Senegal 6. september.

– Blindpassasjeren er identifisert. I utgangspunktet skal han ikkje i land i Noreg, seier politiadvokat Arne Fjellstad i Vest politidistrikt.

Han vil ikkje seia kva land i Vest-Afrika mannen kjem frå.

– Han har oppgitt ein grunn til at han tok seg om bord i skipet; han vil til Europa. Han skal ha gøymd seg i motorrommet på skipet før han vart oppdaga undervegs, seier Fjellstad.

MS «Thomas Selmer» ligg til kai i Tyssedal.

Politiet gjekk tysdag om bord i skipet. Då hadde dei visst at blindpassasjeren ville koma i fleire dagar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Andre gong på halvannan månad

Det er fleire dagar sidan blindpassasjeren vart oppdaga.

– Så vidt me forstår har han fått god behandling om bord, og vore på lugar og fått godt stell, seier Fjellstad.

Også i byrjinga av august kom det blindpassasjerar til Tyssedal. To ivorianske menn gøymde seg i pumperommet på eit anna skip som frakta sand frå Sahara til Tyssedal.

Tizir har drive med denne typen import frå Vest-Afrika sidan 2015. Laster med ilmenitt kjem om lag ti gongar i året til smelteverket. Tilfellet i august var fyrste gongen bedrifta opplevde at det var blindpassasjerar med lasta.

– Det er veldig uønskjeleg at det har skjedd igjen, og ein situasjon som me ikkje synest er akseptabel i det heile, seier berekraft- og kommunikasjonsansvarleg ved Tizir, Jorulf Kyrkjeeide.

Jorulf Kyrkjeeide, bærekraft- og kommunikasjonsansvarleg i Tizir, framfor MS «Thomas Selmer»

Berekraft- og kommunikasjonsansvarleg ved Tizir, Jorulf Kyrkjeeide, seier selskapet er overraska over at dei opplever sitt andre høve med blindpassasjerar på under to månader.

Foto: Tale Hauso / NRK

Lasteskipa som kjem med ilmenitt blir chartra av smelteverket sine franske eigarar, Eramet.

– Det me kan gjera, er å kontakta vår eigar, systerselskapet vårt i Senegal, og myndigheitene i Senegal om kontroll av båtar når dei går derifrå.

Politiadvokat Fjellstad seier det ikkje er unaturleg å sjå dei to tilfella i samanheng.

– Så får tida visa om det dukkar opp fleire av denne typen saker. I så fall vil nok det kunne medføra noko meir informasjonsutveksling enn i dag, seier Fjellstad.

Kva tyder det, reint praktisk?

– Då må ein jo stilla spørsmål med hamna og så vidare, seier Fjellstad.

Smelteverket til Tizir i Tyssedal ligg nesten heilt inst i Sørfjorden i Hardanger.

Vil senda mannen til heimlandet

MS «Thomas Selmer» seglar under marshallansk flagg, og mannen har ikkje innreisetillatelse til Noreg. Det kan likevel henda at Noreg skal vera eit transittland, og at norsk politi skal hjelpa med å senda mannen tilbake att til heimlandet sitt.

– Men det er ikkje avklart enno. Dersom det ikkje er aktuelt, vil han måtta vera om bord framleis, når fartøyet skal tilbake til avgangshamna, seier politiadvokaten.

Norske myndigheiter har ikkje vore i kontakt med myndigheitene på Marshalløyene, men reiarlaget til skipet har ifølgje Fjellstad stilt økonomisk sikkerheit for å få sendt mannen att.

NRK har vore i kontakt med Vilhelm Ravn AS, skipsagentane til skipet. Dei vil ikkje seia noko om saka, og viser vidare til Vest politidistrikt.