Hopp til innhold

Bli med på ny innspeling av «Klart eg kan»-sangen

FØRDE (NRK): Til hausten kjem nye episodar av barne-TV serien «Klart eg kan». No blir det òg spelt inn ein ny versjon av «Klart eg kan»-songen som skal bli brukt i ein musikkvideo til serien.

Dei skal spele inn ny versjon av KLART EG KAN-sangen. Videoen skal spelast inn seinare, men i dag er det lyden som skal på plass!

KLART DEI KAN: Femteklassingane Anna Naustdal og Alfred Korsøen spelar inn den nye «Klart eg kan»-sangen. Med seg i studio har dei komponist Torbjørn Ellingsen, sangpedagog Hans Petter Hammersmark og TV-produsent Karoline Eikenæs Berge. (Video: Heidi Lise Bakke/NRK)

I dag har dei to femteklassingane Alfred Korsøen og Anna Naustdal vore i studio for å spele inn låta.

– Det er ganske gøy. Litt mykje venting, men det går heilt greit, seier Alfred Korsøen.

Har skal mellom anna rappe og fortel at han har øvd i mange timar. Anna Naustdal er nøgd med resultatet og sangen.

– Den er ganske kul. Fengande, seier ho.

Til å hjelpe dei i studio har dei med seg Torbjørn Ellingsen frå Sogndal, mannen bak låta. Han seier innspelinga har gått knirkefritt.

– Eg er ikkje vant med at folk har øvd så mykje som desse har gjort. Så dette har gått som smurt, seier han.

Innspelinga er snart klar. No ventar musikkvideoen, som blir spelt inn til hausten.