Hopp til innhold

Bli med bakom kamera på TV-konsert

På laurdag kan du sjå opningskonserten til Førdefestivalen på NRK1. No kan du bli med bak kamera til NRK-gjengen som lagar TV-programmet.

Bakom-film frå Førdefestivalen. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke,NRK

BLI MED BAKOM: Fotograf Heidi Lise Bakke tek deg med under førebuinga til opningskonserten.

I Førdefestivalen sin største sal med plass til over 2000 publikumarar, ei mengd artistar på scena, sju TV-kamera og ein heil haug med produksjonsfolk, blir det i dag laga laurdagsunderhaldning til NRK1.

NRK Sogn og Fjordane skal nemleg produsere 44 minutt TV i beste sendetid på NRK1.

Opningskonserten er den aller største konserten til den internasjonale festivalen i Førde. I byen samlast over 300 artistar til nesten 100 konsertar i løpet av fem dagar no i starten av juli.

Programleiar for det heile er musikaren Sigrid Moldestad frå Breim. Ho skal sy saman den musikalske menyen.

I år er temaet Connexions, der felleskapet mellom musikk og musikarar i verda står i høgsetet. Mange av artistane som skal på scena har aldri spelt saman før, og mange av låtane er aldri framført tidlegare.

Difor blir dette ein heilt unik konsert som ein berre opplever under denne opningskonserten.

– No har eg sett alle prøvene, og eg kan love folket ein fantastisk konsert. Det heilt spesielle her er at nesten alt blir skapt til denne anledningen. Nokre av artistane møttes for første gong i går, og i dag skal dei framføre heilt nye verk. Målet er å vise fellesskap og det klarar ein til dei grader her, seier Stian Sjursen Takle som er prosjektleiar for NRK sin TV-produksjon.

Sendinga frå Førdefestivalen kan du sjå på NRK1 laurdag 2010 og søndag 1500. Du kan også sjå konserten i nett-TV.

Rigging til konsert i Førdehuset

STOR PRODUKSJON: Sju TV-kamera og ein heil haug med produksjonsfolk må til for å lage laurdagsunderhaldning på NRK1.

Foto: Asle Veien / NRK
Opningskonsert frå Førdefestivalen. Internasjonale og norske artistar står på same scene når Førdefestivalen presenterer sin opningskonsert frå Førdehuset. Festivalen samlar kvart år nærare 300 artistar frå over 20 land til 100 arrangement. National Geographic har plassert festivalen på si liste over verdas sju beste festivalar. Programleiar er artisten Sigrid Moldestad. Temaet i år er World ConneXions.
FRIKAR, Fiddlers'bid, Emilia Amper, Unni Løvlid, Catrin Finch m.fl.