Då må du melde deg på Bakemesterskapet junior!
No er det endeleg barna sin tur til å bake på NRK.
NRK søker etter barn frå heile landet, som vil delta i ein ny bakekonkurranse. Du må ha stor bakeglede og ha lyst til å vise fram det fine du bakar for heile Noreg.
Innspelinga er i Bergen i mai 2024.
Føresette må godkjenne at du melder deg på.
SØKNADSFRIST 11. desember 2023 kl. 23:59
Du må kunne ta fri frå skulen i opptaksperioden. Den er på om lag 10 dagar. Ein vaksen må vere med deg til Bergen. Reise og opphald vil bli dekt av NRK.