Hopp til innhold

Blei venner i sola

SOGNDAL (NRK): Ein tur i fontena i Sogndal var det som skulle til for at Thomas (8) og Liam (6) vart vener. Dei fann ut at dei i alle fall har éin ting til felles. Dei elskar sol og sommar.

Liam Unneland Thomas Aleksander Riksvold Horge

LAVASLOTT: Klatrestativet i Sogndal sentrum har blitt til eit lavaslott med dinosaurar, forklarar dei to gutane som akkurat har møtt kvarandre. Leiken går lett i solsteika.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi møttest ved fontena i Sogndal, så blei vi enda betre kjend då vi var på trampolinen her i parken, fortel Thomas Aleksander Riksvold Horge frå Kaupanger.

Han er åtte og eit halvt år medan Liam Unneland frå Bergen er seks. Dei sit øvst i klatrestativet i parken og trass solsteika leikar dei no at klatrestativet er eit lavaslott med dinosaurar. Dei er begge samde om at det er herleg at sola endeleg er komen.

– Eg likar ikkje så godt regn. Det har vore altfor masse regn. Eg likar best sol, for då kan eg sole meg og arbeide ute, fortel Thomas.

– Når det er fint vêr kan vi bade og vere ute og gå i berre trusa, fortel Liam.

Fontene Sogndal

NEDKJØLING: Både små og store nytta sjansen til å kjøle seg ned i varmen i fontena i Sogndal sentrum.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Så brun som eg berre kan

Det er ikkje berre gutane som klatrar. Temperaturane har klatra oppover gradestokken denne onsdagen og heile fylket kan kose seg i etterlengta solskin.

– Eg har planar om å bli så brun som eg berre kan eg no, fortel Thomas.

I parken i Sogndal sentrum har små og store inntatt leikeapparat, benkar og grasflekkar. Nokre et is, andre hoppar på trampoline eller kjølar seg ned ved å springe gjennom vasstrålane i fontena. Med andre ord sommardagen nyt innbyggjarane til det fulle.

Vegard, Vilde og Sigrid Hovland

NYT SOMMARDAGEN: Vidar og Sigrid Hovland med tanteungen Vilde nyt sommardagen i Sogndal sentrum.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Sigrid og Vidar Hovland er også blant dei som har teke turen til parken i Sogndal i dag. Med seg har dei tanteungen Vilde som fyller fire år på søndag. Dei har alt fått i seg is i varmen.

– Endeleg. Vi må nyte finvêret medan vi kan. No vert det late dagar i parken og mykje is, fortel Sigrid Hovland.