Bedrifta vann pris for beste namn i 2016. No blir det vraka

Enkelt, kreativt og modig var skildringa Språkrådet gav namnet til busselskapet Kringom. Økonomiske motiv ligg bak når det no truleg blir bytta ut, til fordel for Skyss.

Skyss og Kringom (montasje)

VRAKA: Kringom skal ikkje lenger gje folk skyss.

Foto: Ida Yasin Andersen og Arne Stubhaug / NRK

Etter samanslåinga mellom fylka Hordaland og Sogn og Fjordane er også dei offentlege busselskapa slått saman.

No har fylkesrådmannen innstilt på at namnet frå kollektivselskapet i Hordaland, Skyss, blir vidareført for heile Vestland.

Dermed blir Kringom vraka, selskapsnamnet som i 2016 blei kåra til det beste norske bedriftsnamnet av Språkrådet.

– No har vi slått saman fylka og einingane som hadde ansvar for kollektivtrafikk, og dermed treng vi eit betre namn, seier Håkon Rasmussen som er fylkesdirektør for mobilitet og kollektivtransport.

Han erkjenner at Kringom er eit strålande namn, men forklarar kvifor ein har gått vekk ifrå dette. Han fortel at fordelane er fleire med Skyss enn med Kringom.

– No har vi lagt ei fagleg utgreiing til grunn. Det er ulik kjennskap til namna, ulike haldningar og det er ulike kostnader med omprofilering, seier han.

Språkrådet seier dei ikkje har sterke meiningar om kva namn som skal brukast, til trass for prisen dei gåve det eine i 2016.

– Når dei har to gode namn på bordet er det fint at dei held på eitt av dei, seier seksjonssjef Daniel Ims.

Håkon Rasmussen, fylkesdirektør for samferdsel, Hordaland fylkeskommune

KOSTNADAR: Håkon Rasmussen, fylkesdirektør for mobilitet og kollektivtransport i Vestland, seier at det er billegare å omprofilere Kringom til Skyss enn omvendt.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Økonomi i første rekke

Det er altså billegare å endre namnet til Skyss, i staden for at alt blir til Kringom.

– Det har med volumet å gjere, fordi det er fleire bussar og bybaner ved Skyss-profil, forklarar han.

Dersom alt skulle blitt Kringom ville det ifølgje Rasmussen kosta om lag 30 millionar. Dersom alt blir Skyss vil det til samanlikning koste rundt 7 millionar.

Økonomien vog med andre ord tungt då ein landa på Skyss. Politikar Gunn Sande (Sp) meiner dette ikkje er god nok grunn til å skrote det prislønte namnet.

Gunn Sande

KRITISK: Gunn Sande (Sp) meiner at økonomi ikkje er eit argument.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– Vestland har kosta så mykje at den biten er det ikkje vi tener oss inn igjen på, seier ho, og held fram:

– At det vil koste så veldig mykje meir å skifte namn på buss og bane i Hordaland enn på dei få bussane i Sogn og Fjordane meiner eg er underordna.

Sender beskjed til fylkestinget

Sande er einig i at ein bør ha eit felles namn, men meiner Kringom er det beste alternativet.

– Kringom er eit utruleg godt norsk namn på ei bedrift, seier ho.

Sande har sjølv vore på fylkestinget. Ho sender ei klar oppmoding til Leikanger:

– Eg hugsar kor stolte ein var då prisen vart tildelt, det er ikkje kvar dag det skjer. No får ein stole på at fylkespolitikarane ser verdien i dette – så eg vil råde dei til å halde på namnet, seier ho.

Formelt blir saka avgjort i fylkesutvalet på torsdag. Uansett kva namn som går av med sigeren vil passasjerane ha fleire endringar i vente.

– Etter kvart vil det bli koordinert med felles takstsonestruktur og informasjonskanalar. Vi får nokre stordriftsfordelar som gjer at vi kan utvikle tilbodet i distrikta, seier Rasmussen.