Hopp til innhold

Blei lova skipstunnel – no skal den vurderast på nytt: – Dei held oss for narr

Frå før har Stad skipstunnel vore gjennom 21 utgreiingar. No skal tunnelprosjektet kvalitetssikrast enda ein gong. Regjeringa skuldar på korona.

Stad skipstunnel

Stad skipstunnel: Skipstunnelen har fått stor merksemd både i Noreg og utlandet. Målet er at skipstrafikken skal unngå det farefulle havstrekket forbi Stad.

Foto: Kystverket/Snøhetta

– Det er jo heilt absurd, seier Frp-politikar Frank Willy Djuvik.

– Eg trudde først det var ein spøk.

Han har nett fått beskjeden om at Stad skipstunnel skal vurderast på ny.

Tunnelen har vore gjennom 21 utgreiingar tidlegare.

Denne gongen gjeld det ei ekstern kvalitetssikring av forprosjektet til tunnelen. Det er Samferdsledepartementet som har bestilt utgreiinga.

  • Ein liknande kvalitetssikring vart gjort i 2018, den synte at tunnelen ville bli dyrare enn det ein først hadde tenkt.
  • I 2019 kom Kystverket på banen og slo fast at tunnelen kunne stå klar i 2025.

Men no set samferdsleminister Knut Arild Hareide (Krf) prosjektet på hold ei stund til.

– Sidan det nye forslaget som kom frå Kystverket i 2019 inneber betydelege endringar i prosjektet og gjennomføringa, er vi nøydde til å ha ei oppdatert kvalitetssikring før vi kan gå vidare med prosjektet, seier Hareide til NRK og legg til:

– Eg skulle gjerne fått gjort dette tidlegare, men mi tid i departementet denne våren har vore prega av korona, og ein del saker har derfor dessverre vorte utsett.

Frank Willy Djuvik

OPPGITT: Frank Willy Djuvik (Frp) er svært oppgitt over at Stad skipstunnel nok ein gong skal gjennom ei kvalitetssikring.

Foto: Adam Pietrzak / Adam Pietrzak

– Veldig skuffa og forundra

Også Ruth Grung i Vestland Arbeidarparti undrar seg over bestillinga. I eit skriftleg spørsmål til Knut Arild Hareide viser ho til at samferdsleminister allereie tidlegare i år uttala at tunnelen var «nok greia ut».

Den siste omdreiinga i saka står difor i «sterk kontrast» til det ministeren tidlegare har signalisert, meiner ho.

Ho har enno ikkje fått svar frå samferdsleministeren.

Også prosjektleiar for Stad skipstunnel, Randi Humborset, seier beskjeden kom som ei overrasking.

– Vi var jo igjennom dette i 2018. Så vi er veldig skuffa og forundra.

Ho hadde i staden forventa at prosjektet skulle få oppstartsbevillingar i statsbudsjettet til neste år.

– Vi er usikre på kva denne utgreiinga går ut på og kva for konsekvensar den vil ha for framdrifta av prosjektet.

– Held folk for narr

Djuvik meiner at det er Høgre som står i vegen for framdrifta av prosjektet.

– Dersom regjeringa eller Høgre ikkje ønsker at tunnelen skal byggast, så burde dei berre seie det. I staden for å halde på med denne treneringa. Dette er rett og slett å halde folk for narr.

Elisabeth Hatlenes i Vestland Høgre avviser kritikken om at partiet driv med trenering.

– Det er semje i Vestland Høgre om at dette er eit viktig prosjekt som skal realiserast. Prosjektet er godt greidd ut og bør løyvast pengar til så raskt som mogleg, seier ho.

– Inga trenering

Stad skipstunnel ligg inne i Nasjonal transportplan (NTP) med oppstart i den første seksårsperioden. Hatlenes seier at Høgre jobbar for å realisere alle prosjekt som har fått gjennomslag i NTP.

– Neste moglegheit er statsbudsjettet i 2021. Det er inga trenering frå Høgre. Dei økonomiske rammene vil avgjere framdrifta for prosjektet.

Oppdraget med kvalitetssikringa er gitt til konsulentfirmaet Atkins.