Hopp til innhold

Blei først frifunnen for overgrep – no må mannen i fengsel

Ein mann er dømd til fengsel for overgrep mot ei mindreårig jente. Han må også betale til saman 425.000 kroner i oppreising og erstatning. Domen blir anka.

Gulating lagmannsrett

DØMDE MANNEN: Riksadvokaten anka avgjerda frå tingretten. No har Gulating lagmannsrett funne mannen skuldig.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Gulating lagmannsrett har dermed omgjort avgjerda frå Sogn og Fjordane tingrett der mannen som no er i 30-åra, blei frikjend. Årsaka var at tingretten meinte at saka var forelda.

Ivar Blikra

ANKAR: Advokat Ivar Blikra representerer den overgrepsdømde mannen i 30-åra.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Forsvararen til mannen, Ivar Blikra, seier at mannen ikkje godtek dommen.

– Min klient har bestemt seg for å anke saka til Høgsterett, seier Blikra.

Har fått problem

Overgrepa skjedde i ein periode frå 1998, då jenta var 5,5 år og fram til ho var 10 år. Dei to er i nær slekt, og overgrepa skjedde medan jenta var på besøk hos andre slektningar. Mannen var då i slutten av tenåra.

Jenta har i fleire år slite med psykiske etterverknadar etter det som skjedde. Hendingane blei først kjende då jenta i vaksen alder fortalde om kva ho hadde vore utsett for. Då saka var oppe i retten før jul, nekta mannen straffskuld.

I retten fortalde jenta at ho fleire gonger måtte ta på tiltalte innanfor kleda, og på eit tidspunkt hadde han også vist ho ein pornofilm.

Tingretten var ikkje i tvil om at overgrepa hadde skjedd slik jenta forklarte, men kom til at overgrepa var seksuelle handling og ikkje seksuell omgang. Sidan tiltalte først fekk status som sikta i 2015, meir enn 10 år etter overgrepa skal ha skal ha slutta, meinte retten at saka var forelda.

Mannen blei difor frikjent for tiltalen, og han måtte heller ikkje betale oppreisningserstatning.

Må sone i fengsel

Riksadvokaten anka dommen, og no har saka vore oppe i Gulating lagmannsrett.

Retten finn det bevist at mannen er skuldig i gjentekne tilfelle av seksuell omgang og ikkje berre seksuell handlingar som er omfatta av ei anna straffelov.

Gulating lagmannsrett har etter ei samla vurdering funne det bevist at mannen fleire gonger har hatt seksuell omgang med fornærma og at første gong var i 1998.

Lagmannsretten har dømd mannen til fengsel i to år, der eitt av dei er på vilkår. Han er også dømd til å betale 125.000 kroner i oppreising og 300.000 kroner i meinerstatning til kvinna.

– Letta

Bistandsadvokat Marianne Bech seier at kvinna er glad og letta etter dommen.

– Ho har følt seg trudd på heile tida, og ho er no letta over at lagmannsretten har kome til ein annan konklusjon enn tingretten.

Bech seier at dette har vore ein tøff prosess for kvinna, men at det var verdt å ta kampen.

– Ho hadde lyst å vise andre at det er mogleg å oppnå rettferd, sjølv om det har gått lang tid. Ho seier det er viktig at desse historiene kjem fram i lyset, og andre ikkje går og ber på dei.