Hopp til innhold

Blanda respons på rekordtilbodet til bøndene: – Eg ser på kyrne at dei ikkje er nøgde

Rekordtilbodet til bøndene vert motteke med sinne og glede. Medan Høgre er uroa for pengebruken.

Knut Tore Nes Hjelle

DET FUNKAR: – Eit godt utgangspunkt for å gå i forhandlingar med staten, seier Knut Tore Nes Hjelle, som er bonde i Nordfjord.

Foto: Benedikte Grov

Torsdag formiddag la forhandlingsleiar Viil Søyland fram regjeringa sitt tilbod til bøndene i jordbruksoppgjeret.

Bøndene kravde 11,5 milliardar.

Svaret til Støre-regjeringa er 10,15 milliardar kroner.

«Eit solid tilbod», erklærte Søyland.

Bondelaget har sidan sagt at tilbodet frå staten i realiteten er 8,9 milliardar kroner.

Marc Erga er leiar av Orre bondelag.

– Dette gjev meg ingenting, seier han.

Han peikar på kyrne:

– Eg ser det på dei. Dei går med senka skuldrer. Dei er ikkje nøgde, dei er slett ikkje nøgde.

Marc Erga står bak ein radu traktor ute på bøen. Han har på seg ei svart jakke og ser noko misnøgd ut, med hendene på hoftene.

IKKJE NØGD: Marc Erga, leiar av Orre bondelag, ser på kyrne at dei ikkje er glade for statens tilbod.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Uansett korleis avstanden mellom tilbodet og kravet vert rekna på, er han mindre enn den fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp), venta seg.

Dette var betre frå staten enn det eg hadde forventa, og ut frå tonen i landbruket trur eg òg at dei hadde forventa mindre. Du kan skrive at tilbodet kom etter sterkt internt press i Senterpartiet. Eg har sjølv vore ein del av dette.

Han legg til:

Om eg skal ta eit lite atterhald, så er det knytt til inntektsløftet.

Tilbodet frå regjeringa legg opp til eit inntektsløft i 2023 på om lag 30.000 kroner per årsverk. Kravet frå bøndene var 100.000 kroner i årslønnsvekst.

– Eg hadde ærleg tala forventa at tilbodet låg i dette området, men dette er eit godt utgangspunkt for å gå i forhandlingar med staten, seier Knut Tore Nes Hjelle, som er bonde i Nordfjord.

Marthe Sirivik (21) blei letta da ho høyrde tilbodet. Ho og ektemannen tok over et gardsbruk i Averøy i fjor.

Det vart ganske bra synest eg. Over 10 milliardar hjelper mykje på, seier Sirivik.

Marthe Sirivik, bonde i Averøy.

GANSKE BRA: – Det vart ganske bra synest eg. Over 10 milliardar hjelper mykje på, seier Marthe Sirivik.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

10,15 milliardar er frykteleg mykje pengar

Landbrukspolitisk talsperson i Høgre, Lene Westgaard-Halle, seier ho har «stor forståing for at mange i landbruket har tøffe tider og behov for å få kompensert kostnadene sine».

Men 10,15 milliardar kroner i eitt enkelt jordbruksoppgjer er frykteleg mykje pengar. Så mykje at Høgre blir bekymra for pengebruken til regjeringa. Delar av denne rekninga er det alle andre grupper i samfunnet som må plukke opp, mellom anna i form av dyrare prisar på mat. Det er òg så mykje pengar at det må gå utover fleire av satsingane til regjeringa på andre område.

Alfred Bjørlo i Venstre kallar tilbodet for «raust».

– Eg forventar at regjeringa og landbruksorganisasjonane ut frå dette blir enige.

Han legg til:

Vi må sjå heilskapen i regjeringa si budsjettering før vi kan meine noko meir konkret om summane. 10 milliardar er mykje pengar – og vi veit enno ikkje om regjeringa dekker dette inn med kutt på andre område, eller ved å auke oljepengebruken.

Unge Venstre-leiar Ane Breivik sa tidlegare i veka at bøndene er «arrogante» når dei krev så mykje i jordbruksoppgjeret. Ho deltok i Politisk kvarter torsdag morgon.

Samsending med P2.

Ein stor lette

Tilbodet frå regjeringa er ein stor lette. Sjølv om det er stor avstand til kravet so viser dei vilje til å starte jobben med å tette inntektsgapet, seier Anders Felde, som er leiar i Vestland bondelag.

Leiaren i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming, kallar tilbodet eit «godt utgangspunkt».

– Vi skal lese tilbodet no svært nøye og sjå på korleis det slår ut for kvar enkelt bonde, seier han.

Ivar Kvalen er sauebonde og ordførar (Sp) i Luster kommune:

Dette var eit bra tilbod. Og veldig godt utgangspunkt for forhandlingar, seier han.

NRK forklarer

Hva er jordbruksoppgjøret?

Hva er jordbruksoppgjøret?

Jordbruksoppgjøret er en årlig forhandling mellom Staten og to organisasjoner i jordbruket: Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Hva er jordbruksoppgjøret?

Det forhandles på vegne av alle bønder i Norge. I jordbruksavtalen presiseres det at bonden er en selvstendig næringsdrivende.

Hva er jordbruksoppgjøret?

Jordbruksavtalen bestemmer hvilken pris bonden skal få for råvaren sin, hvor store budsjettoverføringer som skal gå til jordbruket, og ikke minst hvordan vi skal fordele disse pengene.

Hva er jordbruksoppgjøret?

Gangen i jordbruksforhandlingene er slik at organisasjonene først blir enige om et felles krav på vegne av landbruket. Dette overleveres til regjeringen.

Hva er jordbruksoppgjøret?

Staten går gjennom kravet og kommer med sitt tilbud. Deretter går bondeorganisasjonene sammen, går igjennom tilbudet og bestemmer seg for om de vil gå videre med forhandlinger eller ikke.

Kravet fra bøndene lagt fram: – Vi vil være bønder i framtida også

Anders Felde i fjøsen

STOR LETTE: – Tilbodet frå regjeringa er ein stor lette. Sjølv om det er stor avstand til kravet so viser dei vilje til å starte jobben med å tette inntektsgapet, seier Anders Felde, som er leiar i Vestland bondelag.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Det skulle berre mangle

I andre delar av partifloraen er mottakinga lunken.

Statens tilbod bidreg til å gje mange bønder trygg grunn under beina ved å dekke utgiftsauken. Samtidig er dette berre ein start på den snuoperasjonen som jordbruket har sagt at dei trenger, seier Rasmus Hansson i MDG.

Dette skulle berre mangle, og det er ikkje nok! Arbeidet med å styrkje norsk matproduksjon må halde òg fram etter oppgjeret, seier Bjørnar Moxnes, leiar i Raudt.

Torgeir Knag Fylkesnes er nestleiar og landbrukspolitisk talsperson i SV.

– Dette er et greitt utgangspunkt, men det er framleis ein veg å gå for å løfte bondens økonomi og styrke mattryggleiken, seier han.

Finanspolitisk talsperson for KrF, Kjell Ingolf Ropstad, seier han har store forventningar til jordbruksoppgjeret etter tilbodet frå staten.

Det er berre rett og rimeleg at regjeringa kompenserer for den ekstraordinære kostnadsveksten bøndene opplever på heilt sentrale komponentar som gjødsel.