Hopp til innhold

Sogndal skal spela med black metal-band på brystet

Black metal-bandet Vreid skal pryda fotballdraktene til Sogndal i 2021. – Utruleg kult, seier fotballentusiast Asbjørn Slettemark.

Vreid og Sogndal. Kollasj av draktlansering

METALL MØTER FOTBALL: Vreid på bakerste rekke: Jørn «Steingrim» Holen (t.v), Stian «Strom» Bakketeig, Sture Dingsøyr og Jarle «Hváll» Kvåle. Framme står sogndalkaptein Sivert Mannsverk og trenar Eirik Bakke.

Foto: Håvard Nesbø

Vreid har spelt for 20.000 menneske i Mexico, og turnert over heile verda. I fjor sommar strøyma dei ein konsert frå Sogndalsdalen, som 140.000 personar såg i løpet av dei tre døgna opptaket låg ute.

No skal bandet frå Sogndal pryda draktene til klubben frå heimbygda.

– Det har vore fotball og hardrock sidan barndomen for oss. At me no er på drakta til barndomsklubben vår er litt surrealistisk, og me er enormt stolte, seier Jarle Kvåle i Vreid.

Logoen er plassert midt på brystet, like ved sidan av klubb-logoen, og skal stå der heile sesongen.

«Heilt fantastisk», er reaksjonen til Asbjørn Slettemark når han får høyre om den nye logoen.

Han er kulturjournalist i Aftenposten og programleiar for fotballpodkasten Dritte Halbzeit.

– Sogndal Fotball er blant dei klubbane som har tydelegast lokal tilknyting, identitet og stoltheit. Det er direkte overførbart til Vreid, som er veldig tydelege på å fortelja kor dei er frå. Sånn sett er det ein perfekt kombinasjon, seier Slettemark.

Han trur drakta kan bli eit lite samlarobjekt blant Vreid-fansen:

– Om du reiser på metallfestival i Tyskland, Portugal eller Mexico om eit år eller to, så er det gode sjansar for at du endar opp med å drikka øl med ein person i sogndaldrakt, seier Slettemark.

Jarle Kvåle i Vreid

STOLT: Jarle Kvåle, bassist i Vreid, er stolt over at bandlogoen skal pryda sogndaldrakta i 2021.

Foto: Håvard Nesbø

Barndomskameratar

– Dei har bygd opp Sogndal i sitt musikkmiljø. Om dei spelar i Japan eller Mexico eller kor det måtte vera, så veit fansen at dei er sogndøler. Då kan me gi litt tilbake til Vreid med å ha dei på drakta vår, seier Terje Teigen, marknadssjef i Sogndal Fotball.

– Dette er litt typisk Sogndal, det å gjera ting på ein annan måte, og å gå eigne vegar for å skapa glød og entusiasme, seier Kvåle.

Det er mange koplingar mellom klubben og bandet. Vreid lanserte i fjor sin eigen pils, der logoen var veldig inspirert av den gamle logoen til Sogndal Fotball. Og fleire av bandmedlemane vaks opp med tidlegare fotballproff, og no Sogndal-trenar, Eirik Bakke.

– Eg vaks opp med Eirik som ein av dei næraste barndomskameratane mine. Karrierevegane våre har jo skilt seg litt sidan den gong, men å samlast att på denne måten er veldig kjekt.

– Det er utruleg moro at barndomsvenene mine, saman med resten av gjengen i Vreid, kjem på draktene våre. Eg har sjølv spelt fotball framfor mange titals tusen supportarar, og at dei gjer det same med musikken gjer oss sogndøler stolte, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Vreid promoteringsbilete

«SOGNAMETAL» Slik me er vande til å sjå Vreid.

Foto: VREID

– Rart at ingen andre har gjort det

Vreid har spelt over 500 konsertar sidan dei starta for om lag 20 år sidan, der dei steig ut av oska frå bandet Windir.

– For ei nydeleg, lokalromantisk samansveising, er Tete Lidbom sin første reaksjon på den uvanlege draktpryden. Han er musikar og programleiar i podkasten Heia Fotball.

Han legg til:

– Det er eigentleg rart at norske klubbar ikkje har gjort liknande stunt før. Dette er ein klassisk ting som både musikkfans, metallfans og fotballfans syns er moro. Det er noko den mest ivrige musikkfansen blir ivrige på å ha, seier han.