Hopp til innhold

Bjørnejakta blir forlenga

Fylkesmannen vil i dag utide jakta på bjørnen i Sogn med to veker. Det seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.

Olav Horpedal og dei andre saueeigarane i Sogn får to veker til på å spore opp bjørnen.
Foto: MMS-foto:Arne Eithun / NRK

Han er redd for at bjørnen kan slå seg til ro i Jostedalen for godt.

Og ein bjørn som slår seg til ro i Jostedalen eller Fjærland vil ikkje styresmaktene ha noko av, difor blir fellingsløyvet no utvida. Bjørnen har ferdast her i fylket i snart to månader, og Yndesdal seier det kan tyde på at bjørnen blir verande.

Skulle bjørnen vere i live og i området etter dei komande fjorten dagane, vil Yndesdal mest truleg forlenge jakta endå meir.