Hopp til innhold

Bjørn-løpar imponerte i Norgescupen

Langrennstalentet Hallvard Evjestad (Bjørn) gjekk fredag inn til ein sterk 7. plass under noregscupen i Steinkjer.

Bertine Thorsnes Lefdal og Hallvard Evjestad

KNIVA: Både Bertine Thorsnes Lefdal og Hallvard Evjestad (begge Bjørn) starta helgas Norgescuprenn i Steinkjer på ein god måte.

Foto: Privat

Bjørn-løparen gjekk inn til tida 21:13,8 og var med det vel halvminuttet bak sigrande Magne Haga (Åsen) i den eldste juniorklassa.

Avstanden til Morten Teksnes (Innstrandens) var berre 13 sekund.

– Det er veldig bra. Han gjekk inn til ny personleg rekord, og var heilt med i teten ei god stund. Han beit godt ifrå seg, rosar lagleiar Per Sigve Selseng.

Lenge i teten

Hallvard Evjestad meldte seg for alvor på i tetstriden etter 4,5 kilometer då avstanden til teten berre var åtte sekund. Om lag samstundes byrja Gjøran Tefre å miste kontakten med dei beste.

Tefre, som jaktar ein plass i junior-VM, enda til på 26. plass. I alt 171 stilte på startstreken.

– Generelt sett, så heng poeng i Norgescupen veldig høgt. Når det er 150 løparar i same klasse, som trenar målretta for å bli best mogeleg, så er det bra å ta poeng. Hamnar du i tillegg på øvre halvdel av lista, så er det bra, seier Selseng.

Tefre fall

– Gjøran gjorde det veldig bra med 3. plass i mønstringsrennet på Sjusjøen i desember, men leverte nok ikkje sin beste søknad til å få VM-tur i dag, vedgår Selseng.

– Men han er ikkje i form no, og var uheldig og fall i ein nedoverbakke. Det har veldig mykje å seie då du fort taper 10–20 sekund. Du taper ikkje berre tid på fallet, men du misser fart og faren er stor for at du stivnar, legg Selseng til og presiserer at VM-løpet ikkje er køyrt for sunnfjordingen.

Sprint laurdag

– Denne helga er viktig, men han har framleis både morgondagen og søndag å gjere det på. Og eg er trygg på at Tefre går betre på søndag, seier Selseng.

Sogn og Fjordane skikrins stiller med ein stor tropp til renna i Steinkjer. Bertine Thorsnes, også ho frå Bjørn, inn til ein 10. plass blant dei 68 startande i K17-klassa.

Laurdag står sprint på programmet, og søndag er det duka for 15 kilometer klassisk.