Hopp til innhold

Desse skal på Stortinget for Sogn og Fjordane

Erling Sande (Sp), Torbjørn Vereide (Ap) og Olve Grotle (H) er tre av dei fire som skal fylle Sogn og Fjordane-benken på Stortinget dei neste fire åra.

Vereide, Sande, Grotle

TRE PÅ TINGET: Torbjørn Vereide (Ap), Erling Sande (Sp) og Olve Grotle (H) er klare for fire år på Stortinget. Dei får selskap av Alfred Bjørlo (V), som sikra utjamningsmandatet.

Foto: NRK

NB! Onsdag morgon er fintellinga framleis ikkje heilt ferdig.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre får dei faste mandata frå Sogn og Fjordane. Med det er det førebels tre nye representantar som skal representere det gamle fylket på tinget.

Venstre sikra utjamningsmandatet, og sender Alfred Bjørlo på Stortinget.

Partioppslutning: Sogn og Fjordane

PartiOppslutningEndring fra 2017
AP
0.0%
0.0
BLANKE
0.0%
0.0
DEM
0.0%
0.0
FI
0.0%
0.0
FNB
0.0%
0.0
FRP
0.0%
0.0
GENE
0.0%
0.0
GT
0.0%
0.0
H
0.0%
0.0
Oppslutning

Erling Sande (Sp)

Erling Sande returnerer til Stortinget etter å tidlegare ha vore vararepresentant for Liv Signe Navarsete på Stortinget frå 2005 til 2013.

Senterpartiet gjer sitt nest beste val ifølgje Sande, som hadde håpa å få selskap av Aleksander Øren Heen.

– Eg er også litt smådeppa, fordi vi var så nær på å få inn Aleksander, seier han.

No må Sande representere partiet i Sogn og Fjordane på eiga han. Han er 42 år, vaks opp i Bremanger, og vart tidleg ein profilert ungdomspolitikar. Han har jobba som politisk rådgivar, og har leia energi- og miljøkomiteen.

Han tok pause frå politikken for å vere meir saman med kone og barn på Sandane. Då vart han konserndirektør for Sogn og Fjordane Energi.

Torbjørn Vereide (Ap)

I løpet av sommaren har Torbjørn Vereide gifta seg og skaffa seg småbruk i Sunnfjord. Men no kan han pakke kofferten og setje kurs mot stortingshybel i Oslo.

For Arbeidarpartiet er det nemleg Vereide som skal representere valdistriktet på Stortinget. Ap vart valvinnaren nasjonalt, og gjorde det også godt i Sogn og Fjordane.

– Det er heilt vanvitig. Dette er eit stort ansvar og eg aktar å levere etter beste evne, seier han etter valkvelden.

Vereide er 32 år og kjem frå Sandane i Gloppen kommune. Han er fylkespolitikar, kor han mellom anna har drive med næringspolitikk. Det har han også personleg erfaring med. Han har tidlegare prøvd seg som gründer, både ved å lage brettspel og tacovogn både i Bergen og Sogn og Fjordane.

Olve Grotle (H)

Trass ein tilbakegang på 4,8 prosentpoeng i Sogn og Fjorda
ne, vart det Høgre og Olve Grotle som til sist fekk karra til seg fast mandat.

– No blir eg heilt mållaus. Det blir eit heilt nytt liv, seier Grotle.

Grotle går frå ordførar i Sunnfjord kommune til Stortinget som stortingsrepresentant. Han er 57 år, kjem frå Bremanger og er advokat. Det kan sjå ut som at forhandlingsevnene til advokat Grotle har kome godt med, for partiet har kjempa i motbakke denne valkampen.

Torbjørn Vereide, Erling Sande og Olve Grotle

TRIO: Erling Sande (Sp), Torbjørn Vereide (Ap) og Olve Grotle (H) er tre av dei fire som skal fylle Sogn og Fjordane-benken på Stortinget dei neste fire åra.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Alfred Bjørlo (V)

Tala tysdag morgon viste at hundre prosent av stemmene var opptalde. Likevel var det framleis uvisst kven som kapra utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane.

No ser det ut til at det heile er avgjort, og at Alfred Bjørlo og Venstre sikrar seg plassen. Det skriv Bjørlo sjølv på si eiga Facebook-side.

Valkvelden vart ein thriller for ordføraren i Stad kommune. Venstre og KrF kjempa begge om å kome seg over sperregrensa. Venstre kunne rundt midnatt puste letta ut, medan KrF hamna under sperregrensa.

– Det har vore ei berg-og-dal-bane, seier han til NRK tysdag morgon.

Dermed må innbyggjarane i Stad kommune sjå seg om etter ny ordførar.

Alfred Bjørlo er 48 år, og oppvaksen på Nordfjordeid i Stad kommune.

Tore Storehaug og Alfred Bjørlo

SPENNANDE: Det vart ein intens kamp for Alfred Bjørlo og Venstre, og Tore Storehaug og KrF.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det blir Nordfjordingar på rekke og rad på stortingsbenken når Sande, Vereide, Grotle og Bjørlo tek plass.

Tel ein også med Sveinung Rotevatn (V) frå Nordfjordeid som er inne for Hordaland har Vestland fem kandidatar frå Nordfjord på plass.

Mandatfordeling: Sogn og Fjordane

PartiAntall mandaterEndring fra 2017