I dag vart talet på kandidatar til ny biskop i Bjørgvin redusert frå seks til tre. Dette er dei som står att:
Kjersti Gautestad Norheim, sokneprest i Birkeland kyrkjelyd
Ragnhild Jepsen, domprost i Nidaros
Sunniva Gylver, sokneprest i Fagerborg kyrkjelyd
Det betyr at Gudmund Waaler, Stephanie Dietrich og Nils Terje Lunde ikkje lenger er med i kampen om leiarvervet, og at Bjørgvin – uansett utfall – vil få sin første kvinnelege biskop.
Då vil 7 av 12 biskopar vere kvinner.
– Eg synest det er overraskande og morosamt at alle dei tre attståande kandidatane er kvinner. Det svekkjer forståinga av Vestlandet som kvinnefiendtleg og erkekonservativt, seier Vårt Land-kommentator Åste Dokka.
Ho seier alle kandidatane har «openberre styrkar», samanfatta i tre arketypar:
- Norheim er den nære lokalkandidaten
- Jepsen er den klippefaste katedralkandidaten
- Gylver er den energiske kommunikasjonskandidaten
– Det er også interessant at alle tre er i aktiv presteteneste, og nesten heile dei respektive arbeidsliva sine har arbeidd som nettopp prestar i Den norske kyrkja. Det må vel bety at det verken er doktorgrader eller leiingserfaring frå andre sektorar som har vorte vektlagde, seier Dokka.
Etter at Rosemarie Köhn i 1993 vart vigsla til biskop i Hamar bispedømme, har ni kvinner følgd i hennar spor:
- Ingeborg Midttømme, Møre bispedøme (frå 2008)
- Ann-Helen Fjeldstad Jusnes, Sør-Hålogaland bispedøme (frå 2016)
- Herborg Oline Finnset, Nidaros bispedøme (frå 2017)
- Kari Veiteberg, Oslo bispedøme (frå 2017)
- Anne Lise Ådnøy, Stavanger bispedøme (frå 2019)
- Kari Mangrud Alvsvåg, Borg bispedøme (frå 2022)
- Solveig Fiske, Hamar bispedøme (frå 2006)
- Laila Riksaasen Dahl, Tunsberg bispedøme (frå 2002)
- Helga Haugland Byfuglien, Borg bispedøme (frå 2005)
– Dei tre kandidatane svekkjer forståinga av Vestlandet som kvinnefiendtleg og erkekonservativt, seier Vårt Land-kommentator Åste Dokka.
Foto: Tom Øverlie / NRKEndeleg tilsetjing i februar
Neste steg er at biskopane og bispedømmerådet i Bjørgvin skal gi kvar utsegnene sine, før Kyrkjerådet bestemmer kven som blir den 35. biskopen i Bjørgvin.
Endeleg tilsetjing blir klart 9.–10. februar.
Beate Iren Lerdahl er leiar for styret i Norsk kvinneleg teologforeining, NKTF. Ho kallar det «ein historisk dag med tre kvinnelege kandidatar som går vidare».
– Dei har jo ein litt ulik profil med tanke på problema som har vore i Bjørgvin når det gjeld samarbeidsnekt og nattverdsfellesskap. Vi ser fram til klarleik og føreseielegheit i dette spørsmålet, seier ho.
Bispemøtet uttalte i 2020 at det ikkje lenger skal vere mogleg å reservere seg mot å samarbeide mot kvinnelege prestar, slik dei omstridde «køyrereglane» opna for.
Køyrereglane la mellom anna opp til «kreativ vaktlisteføring» slik at det ikkje kom til konfrontasjonar eller demonstrative fråvær ved alterringen og andre stadar.
Praktiseringa av 2020-reglane har likevel bode på problem, og i ein «presisering» frå 2021 vart tonen mot dei som boikottar kvinnelege prestar ytterlegare skjerpa.
Biskop Halvor Nordhaug vart takka av etter 13 års teneste som biskop med ei festgudsteneste i Bergen domkyrkje 21. november 2022.
Foto: Den norske kirke– Alle tre er gode kandidatar
Spørsmålet om «sameksistens» og kvinneleg prestar dukkar likevel opp med jamne mellomrom. Sist i sommar då den såkalla Johanneskretsen etterlyste samvitsfridom for deira teologiske overtyding om at berre menn kan vere prestar.
Av rundt 1200 aktive prestar i Den norske kyrkja, er det maksimalt 20–30 prestar som har det same teologiske grunnsynet som Johanneskretsen.
Prestar som allereie er tilsetje i kyrkja, men som av ulike grunnar motset seg å samarbeide med kvinnelege kollegaer, vil ikkje omfattast av det nye «forbodet».
Styremedlem i Frimodig kyrkje, Therese Egebakken, har markert som ein konservativ «kyrkjepolitikar» dei siste åra.
I 2021 trekte ho seg frå Kyrkjerådets arbeidsutval med grunngivinga at Den norske kyrkja (DNK) «gjer ei rekkje vedtak som ikkje reflekterer eller respekterer det teologiske mangfaldet i kyrkja».
Like fullt gler ho seg over kandidatane til å bli ny biskop i Bjørgvin.
– Eg synest det er veldig spennande at Bjørgvin får ein kvinneleg biskop! Dei er alle tre gode kandidatar. Det blir spennande å sjå kven av dei det blir til slutt.
I 2020 vedtok biskopane at det ikkje lenger skal vere mogleg å reservere seg mot å samarbeide med kvinnelege prestar, slik dei såkalla «køyrereglane» opna for.
Foto: Den norske kirke