Bjørg (79) kan få stor firefelts motorvegbru like ved huset sitt

TYSNES (NRK): Vegprosjektet Hordfast inneber store naturinngrep. For folket på Søreide kan det bety at dei får heile hovudvegen mellom Bergen og Stavanger rett over hovudet.

Bjørg og E39

FORTVILA: Bjørg Søreide likar ikkje tanken på å ha fire felt med bilar i 110 km/t over garden sin.

Foto: STATENS VEGVESEN / NRK

– Du kan jo sjølv tenkja deg. Ei bru som går seksti meter høgt over dalen, kor det stadig er trafikk. Det er jo ikkje så festleg. Og me kan jo ikkje selja. Kven vil kjøpa med noko sånt over seg? spør Bjørg Søreide.

Ho har budd på Søreide på Tysnes i 58 år. På staden er det drive jordbruk i alle år.

Men snart kan staden bli ein plass bilistar dundrar forbi i 110 km/t på ny E39 mellom Bergen og Stavanger.

Skal kutte reisetida med ein time

På eit folkemøte i fjor fekk ho sjå illustrasjonar av korleis brua på nye E39 kan bli over heimplassen hennar.

Hordfast-prosjektet skal erstatta tre ferjestrekningar med bruer og firefelts veg. Den nye vegen skal kutta reisetida mellom Stord og Bergen med ein time, og er ein viktig del av planane om ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim.

– Nokon måtte dei ofra. Denne gongen blir det folket på Søreide, sukkar 79-åringen.

Hordfast-bru over Søreide på Tysnes

KRYSSAR DALEN: Slik skal ho sjå ut, brua som skal kryssa Søreidedalen på Tysnes.

Foto: Statens Vegvesen

Kvir seg for å seia meininga si

Bjørg og familien er blant dei som er negative til Hordfast-prosjektet på grunn av dei store konsekvensane bygginga får for omgjevnadene.

Men ho er blitt forsiktig med å seia kva ho meiner om den nye vegen. For nye E39 er svært etterlengta blant mange som reiser ofte mellom byane på Vestlandet.

– Dei fleste her på Søreide blir jo ramma. Vegen går over utmark og mange får delt opp eigedomane sine. Men det er ikkje så populært å seia at me ikkje vil ha den vegen, det merkar me, seier ho.

Vegvesenet: – Skal vurdera tilpassingar

Statens vegvesen presiserer at traséen over Tysnes ikkje er endeleg bestemd.

– Kommunedelplanen viser bru over Søreide. I arbeidet med reguleringsplanen kjem me til å vurdera om det er behov for tilpassingar av veglinja, seier planleggingsleiar Ellen Slinde i Vegvesenet.

– Me forstår godt at det kan vera krevjande å ikkje vita kva den endelege løysinga blir. Me er opptekne av å ha god dialog med innbyggjarane, seier Slinde.

Statens vegvesen har fått beskjed om å legga vekt på å avgrensa inngrep i verdifull natur når dei no set i gang arbeidet med den statlege reguleringsplanen for Hordfast.

Hordfast trase F

HORDFAST: Arbeidet med reguleringsplan er no i gang. Traseen er valt, men det kan koma endringar i veglina.

Foto: Statens Vegvesen

I gang med å ta jordprøvar

Kartleggingar av naturmangfald og jordsmonn skal danna grunnlaget. Arbeidet er allereie i gang, og nyleg var jordkartleggar Elling Mjaavatten i Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) i Søreidedalen på Tysnes for å ta prøver av jorda.

Han skal finna ut kor god kvalitet det er på jordbruksjorda langs traseen på Stord, Tysnes og i Bjørnafjorden.

– Det er viktig å visa ressursgrunnlaget, og kunne ta vare på den beste jorda, seier han.

Rapporten frå jordsmonnsundersøkingane i Hordfast-traseen skal vera klar 8. mars 2021.

Kartleggingane av naturmangfald starta i år og held fram neste år. Undersøkingane gjeld blant anna regnskog, myrer, artsregistreringar, undersøkingar i vatn og vassdrag og vilttrekk.

Jordkartleggar Elling Mjaavatten på Søreide på Tysnes
Foto: Eli Bjelland / NRK

Håpar på løysing for Søreide

Bjørg Søreide og familien håpar framleis på at Vegvesenet skal finne ei anna løysing for E39 på Tysnes.

– Me veit jo at det er mange andre som òg får veg over der dei bur. Men me håpar at det er mogleg å gjera nokre små justeringar, seier 79-åringen.