Hopp til innhold

Bjarne Olav miste livsverket sitt då skipet «Heiko» brann

Eigar Bjarne Olav Eidnes er først og fremst glad for at alle liv blei berga då lasteskipet tok fyr i Askvoll natt til torsdag, men å ha mist båten han kallar livsverket sitt, pregar han.

Bjarne Olav Eidnes

RØRT: Brannen i Heiko har sett sitt preg på eigar Bjarne Olav Eidnes. – Det er jo eit livsverk, seier han, som først og fremst er glad for at alle om bord kom velberga frå hendinga. Framleis eig Eidnes ein annan båt.

Foto: Truls Kleiven

– Eg vert litt tjukk i målet no. Dette er forferdeleg. men om det hadde vorte dødsfall, så veit eg ikkje om eg hadde klart å fortsetje. Dette er jo berre ein gammal båt, seier Bjarne Olav Eidnes.

Han og tre andre var om bord i båten som tok fyr midt i den rivande haustormen som herja Vestlandet natt til torsdag.

Og det var dramatiske scener som fann stad i sjøen utanfor Askvoll då dei først fekk trøbbel med motoren og den så tok fyr.

Utbrent båt utanfor Askvoll etter båtbrann under stormen, 19.09.18

UTBRENT: Her er båten «Heiko» utanfor Askvoll dagen etter brannen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK


– Vi såg berre at elden tok til, og det starta å brenne i lasterommet. Så gjekk surstoffet tomt, så stoppa hovudmotoren og hjelpemotoren – og då vart det svart. Det var berre naudljoset att, fortel ein tydeleg prega Eidnes til NRK dagen etter.

Det var Firdaposten som først intervjua Eidnes om hendinga.

32 sekundmeter vind

Mannskapet om bord på «Heiko» jobba hardt for å halde hovudet kaldt mens brannen utvikla seg.

Redningsaksjonen blei svært vanskeleg med ein vind som bles 32 meter i sekundet. Aldri har Eidnes opplevd eit verre vêr på sjøen enn han gjorde denne torsdagsnatta.

– Eg har segla ein del i min tid, men dette har eg aldri opplevd maken til.

Heroisk innsats

Mannskapet vart berga av redningshelikopteret frå Florø og fire fartøy som låg i området. Eitt av skipa var supplyskipet «Havila Subsea». Kaptein Inge Eriksen seier det var krevjande å forhold å drive berging i.

Båtbrann utanfor Askvoll, Sogn og Fjordane

STOD I BRANN: Det var dramatiske scener som utspelte seg då det natt til torsdag tok til å brenne i skipet «Heiko».

Foto: Redningsselskapet

– Det var veldig tøft. Det gjekk på høggir det som kunne gå på høggir, særleg med tanke på at det stod fire mann på båten som var i fare.

Eriksen måtte ta ei god vurdering på sitt eige mannskap – og er svært imponert over innsatsen til dei tre som gjekk over i ein mindre båt for å hjelpe mannskapet på «Heiko».

Rørt og takknemleg

Etter å ha berga ein mann måtte Havila Subsea trekke seg litt ut grunna sterk vind og høg sjø. Mens dei venta på at vinden skulle løye, vart dei tre andre om bord berga av eit Sea King-helikopter. Eriksen er glad for at det gjekk godt med mannskapet.

– Kjensla når du kan handhelse på ein kar og ønske han god tur heim, det gjer noko med ein. Du blir sitjande litt i ettertanke når han går i land, seier kapteinen.

Bjarne Olav Eidnes er takknemleg og audmjuk når han tenker på alle som hjelpte til.

– Ein vert heilt mjuk i hjarterøtene. Det er fantastisk å oppleve at folk bryr seg, seier han.